• Ingen må ha skuldkjensle etter ulukka ved havet, understrekar prost Evy Kvamsdal.

KNUT ARNE AARSET, Sunnmørsposten

Saman med over 100 fortvila studentar samla på Studentkroa i Volda, bad prost Evy Kvamsdal for den sakna Frode Ueland Amdal og familien hans laurdag kveld.

Kvamsdal fortel at ho har møtt botnlaus fortviling og mykje gråt i høgskulemiljøet i Volda etter katastrofen. Studenten som omkom var engasjert på mange felt og hadde stor personleg kontaktflate. Mange hadde såleis veldig trong til å prate ut om det som hadde skjedd, og pågangen til samlingslokalet ved Høgskulen var stor alt tidleg laurdag.

— Dei voldsomme naturkreftene og det fatale som skjedde natt til laurdag har sjølvsagt gjort eit enormt inntrykk. Ikkje berre for dei som stod midt oppe i det, men i eit langt vidare miljø. I starten var det mange som ville ha konkrete råd om korleis dei skulle møte dei som puljevis kom heim frå dramaet ved havet, fortel Kvamsdal, som også natt til søndag fekk fleire telefonar frå studentar.

Etter å ha forretta ved ei familiegudsteneste, var ho søndag kveld på tur direkte til si tredje samling i lag med dei som var nærast katastrofen.

Prost Evy Kvamsdal meiner Høgskulen har handtert ulukka på ein god måte, og at dei raskt fekk etablert eit breitt informasjons- og støtteapparat.

— Mange slit med skuldkjensle og spørsmål om dei kunne gjort meir. Min bodskap har vore at ingen må kjenne skuld etter ei så uventa og ekstrem hending. Det som for dei alle fortona seg som spennande og uskuldig, var etter mi vurdering uråd å sjå konsekvensane av. Etter å ha snakka inngåande med studentane, er eg overtydd om at alle gjorde både det dei kunne og meir til, seier prost Evy Kvamsdal.