Det er ikkje vore nokon eigentleg kontroll med opplysningane. Det er ingen «kontradiktorisk» prosess slik at den som får retta skuldingane mot seg får høve til å imøtegå skuldingane eller forsvare seg.

— Systemet er heilt uhaldbart, har straffeprosesseksperten, professor Erling Johannes Husabø, ved Universitetet i Bergen tidlegare uttala til Bergens Tidende.