Statsministeren og oljeministeren (biletet) har nekta Stortingets ombodsmann for forvaltninga innsyn i eit dokument han har kravd utlevert.

Både jussekspertar, opposisjon og medlemmer av regjeringspartia reagerer sterkt på dette.

Rett til innsyn

Professor Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen seier dette er ulovleg.

– Eg kan ikkje skjøne at dette kan vere lovleg. Ombodsmannen si oppgåve er å føre kontroll med forvaltninga. Han har etter ombodsmannslova som Stortinget har fastsett, rett til innsyn i dei dokument han krev innsyn i for å utføre kontrollen sin.

Sivilombodsmannen ba om innsyn i eit dokument frå Olje— og energidepartementet, men fekk avslag. Ombodsmannen vendte seg så til Statsministerens kontor (SMK) for å få hjelp. Men også derfrå vart det nei, fordi dei ikkje hadde kompetanse til å overprøve eit departement.

– Det blir eit konstitusjonelt problem når eit departement med indirekte tilslutnad frå Statsministerens kontor, på denne måten hindrar ombodsmannen i å utføre den kontrollen han utfører på vegner av Stortinget., seier Bernt.

Storm frå opposisjonen

– Det er underleg at ikkje ombodsmannen får dei dokumenta han bed om. Og det er heilt ubegripeleg at ikkje Statsministerens kontor tek affære og ryddar opp når ombodsmannen vender seg dit for å be om hjelp, seier visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen, (Frp).

– Det kan ikkje vere tvil om at det er i strid med norsk lov når olje- og energiministeren nektar utlevering av dokumenta ombodsmannen har kravd innsyn i. Stortinget har gjeve ombodsmannen rett til innsyn i dei dokument han krev innsyn i. Difor bryt Terje Riis-Johansen norsk lov. I sin yttarste konsekvens kan han straffast for dette etter ansvarlighetsloven, seier Hagen

– Dersom det ikkje er rydda opp i denne saka innan måndag, vil vi i vår fraksjon ta saka opp i kontrollkomiteen for å stille spørsmål til statsråden, seier Hagen.

– Amputere

– Dette er det same som å amputere ombodsmannens oppgåver, og det er ikkje akseptabelt. Utlevering av dokument til ombodsmannen har ingenting med offentleggjering å gjere, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

Venstre-leiar Lars Sponheim meiner saka er uakseptabel.

– Det betyr at ombodsmannen blir hindra i å utøve den kontrollen Stortinget har pålagd han. Her burde Statsministerens kontor ha skore igjennom og sørga for at ombodsmannen fekk det han ba om. Denne saka føyer seg inn i rekkja av dårleg skjøn som blir utøvd frå regjeringa si side, seier Venstre-leiar Lars Sponheim.

Kritikk frå eigne rekkjer

Også i regjeringspartia er reaksjonane sterke:

– Det er sterkt beklageleg at ikkje ombodsmannen har fått innsyn i dei dokumenta han har bede om. Det er openbert at det er av offentleg interesse å få klarlagt om forvaltninga har opptredd korrekt. Denne kontrollen er det berre Sivilombodsmannen som kan utføre, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Rune Skjælaaen.

– Eg vil ta denne saka opp med statsråden, seier Skjælaaen, som er partifelle med Terje Riis-Johansen.

– Det er svært viktig å verne om Sivilombodsmannen si rolle. Difor går ikkje dette an. Han må få det innsynet han bed om, seier parlamentarisk nestleiar i SV, Ågot Valle.