Det blir årleg seld legemidlar for 13 milliardar kroner i Norge, viser nye tal frå legemiddelindustrien si eiga bransjeforeining, LMI. Dei siste tre åra har kostnadene for legemidlar auka med 11,3 prosent, medan mengda «berre» har auka med 6,5 prosent.

Staten må årleg ut med rundt sju milliardar kroner i legemidlar, og dette er den raskast veksande utgiftsposten på helsebudsjettet. Årsaka er at legemiddelindustrien kjem med stadig nye produkt som kostar meir. Forskarane trur ikkje effekten av produkta aukar like mykje som prisen.

Samstundes viser undersøkingar gjort av legemiddelindustrien sjølv at prisnivået på medisinar i Norge faktisk ligg under gjennomsnittet i Europa. Det same gjeld forbruket, sjølv om det er raskt aukande her i landet.

Tvilar på effektivitet

— Nei, medisinen er ikkje blitt dobbelt så effektiv, men den har blitt betre og sikrare. På mange område kjem det nye og dyrare medisinar som gjev noko betre behandlingseffektivitet, men ikkje mykje. Det viktigaste er at medisinane gjev færre biverknader og er sikrare, seier førsteamanuensis ved Institutt for økonomi, UiB, Arild Aakvik.

Professor Jan Abel Olsen ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø meiner ein bør spørje seg om betringa i effektivitet kan forsvare dei auka kostnadene.

Slingringsmon

1. januar i år innførte staten eit krav om dokumentasjon av tilhøvet mellom kostnad og effektivitet for legemiddel som legane kan skrive ut på blå resept. Olsen meiner krava her er for lite konkret, og gjev legemiddelindustrien stort rom til å manipulere resultata.

— Sjølvsagt vil søkjarane vere frista til å overdrive effekten og underdrive kostnadene, seier Olsen.

Aakvik er samd i intensjonen bak utspelet til Olsen, men trur ikkje det vil la seg gjere i praksis.

Billigare for sjukehusa

Ei forklaring på dei auka kostnadene kan liggje hjå legane. Forsking viser at få legar tek omsyn til prisen når dei skriv ut medisinar.

— Legar vel det som er til pasientens beste, og skuler lite til kva det kostar, seier Aakvik.

Med 3000-4000 legemidlar å velje mellom meiner Aakvik dei har ein tendens til å velje det dei kjenner til. Då kan legemiddelindustrien få betalt for å ha teke med legane til konferansar og turar verda rundt.