76 milliardar kroner er prisen Høgfartsringen AS no har kome fram til for si lyntogbane frå Drammen over Numedal og under Hardangerjøkulen mot Bergen.

Bak Høgfartsringen AS står selskapa Mulitconsult, Link-Signatur Arkitekter AS og Hamre Trafikkonsept. I går la dei fram det dei kallar «ein hovudplan» for ein høgfartsring i Sør-Noreg.

Og prisen kan koma endå lengre ned.

— Diverre har vi vore for lite merksame på prisane i svensk jernbanebygging, som til dømes på Botniabanan, som BT har skrive om. Vi har halde oss til SINTEF sine kalkylar i høgfartsrapporten til Jernbaneverket, seier jernbaneplanleggjar Jon Hamre til Bergens Tidende.

Svenskane må hjelpa

Etter Hamre si meining er SINTEF svekka etter jobben med utgreiing om norske høgfartsbaner. Ein kilometerpris på 233 millionar kroner for lyntogbane gjennom Hallingdal til Bergen står i skarp kontrast til ein kilometerpris på 67 millionar kroner for Botniabanan i Nord-Sverige, som snart er ferdigbygt. Særleg når svenskane dokumenterer ein pris på berre 80 millionar kroner kilometeren for fiks ferdig lyntogtunnel.

— Oppslaget i BT måndag om dei låge prisane på lyntogbane i Sverige har skapt røre og debatt. Ikkje minst i det politiske miljøet, seier Hamre. Han legg til at Høgfartsringen AS også vil ta kontakt med svenske jernbanemiljø.

— Svenskane må hjelpa oss med dette, seier Hamre.

Mange og lange tunnelar

Det skal likevel godt gjerast å koma heilt ned på svensk prisnivå. Har Botniabanan 25 kilometer tunnelar, vil Høgfartsringen si lyntogbane mellom Bergen og Oslo få 232 kilometer med hol gjennom fjellet. Den lengste tunnelen i planen er 45 kilometer og går under Hardangerjøkulen. Sju tunnelar til vert over 10 kilometer lange på Nye Bergensbana.

Det fullstendige opplegget for Høgfartsringen er ein ring der bane går vidare frå Bergen over Stavanger til Kristiansand, og derfrå til Oslo att. Og på alle delstrekningane skal det gå tog i begge retningar.

Store utfordringar

De største tekniske utfordringane ligg mellom Bergen og Stavanger. Der har Høgfartsringen lagt inn kombinert bil- og togbru mellom Tysnes og Stord. Vidare må toget gå i spiraltunnel under Bømlafjorden. Lengre sør vert tunnelen under Boknafjorden 44 kilometer lang.

Høgfartsringen har god tiltru til passasjergrunnlaget. Trafikkinntektene er rekna til 6,1 milliardar kroner. Mot dette står driftsutgifter på ca. 2,5 milliardar kroner.

RUNDT OG RUNDT: Slik er det overordna opplegget til Høgfartsringen AS. Ekspresstoga skal køyra Oslo-Bergen på ca. 2 timar og 20 minutt. Dei har då ingen stopp mellom Drammen og Fusa. Regiontoga brukar 20 til 30 minuttar meir på turen over (under) fjellet, og har fleire stopp undervegs. BTV-ringen er ei rundbane i Buskerud, Telemark og Vestfold. ILL: HØGFARTSRINGEN AS