Heile 70 prosent av det norske folk meiner at prinsesse Märtha Louise er eit godt førebilete. Ho er også den best likte blant kvinnene i den norske kongefamilien, viser ei fersk meiningsmåling frå Norsk Gallup.

Det er jul. Ei lita jente på fem år ser fjernsyn saman med bestefar og mor og far. I dag handlar barne-tv om ei prinsesse. Etterpå fortel dei vaksne den vesle jenta at ho også er ei lita prinsesse.

Då den vesle jenta et kvelds med dadda Ingeborg same kveld, er ho uroleg og undrar seg veldig over det ho nettopp er blitt fortald. Litt anklagande spør vesle Märtha Louise dadda: ý Kvifor har du ikkje fortalt meg at eg er ei prinsesse?

— HO KLYNGA SEG til meg og skjønte ikkje heilt kva det betydde, ho var jo berre eit barn, hugsar dadda Ingeborg Rinde frå Sogn.

Kanskje ho alt som liten ante kva bør det er å bli født som prinsesse i vår tid? I den nye boka «Underveis» fortel prinsesse Märtha Louise om den lange prosessen med å læra å tru på seg sjølv, på at ho kunne bli ei god prinsesse for landet.

«Det var en tid da jeg hadde det svært dårlig med meg selv, jeg følte at jeg ikke strakk til, og hadde svart og dårlig samvittighet overfor alt og alle.»

Då er det enklare for små jenter som drøymer om å bli prinsesser, eller for kongsdøtrene i folkeeventyra. Der er prinsessene unge, vakre og blonde, og har halve kongeriket som sitt fremste aktivum. Dei treng knapt løfta ein finger før prinsen, Askeladden eller andre friarar står uti garden.

Men prinsessa er ikkje heltinne i eventyra. Det er Askeladden som er hovudpersonen. Prinsessa er løn for strevet, og nesten like ettertrakta som kongsgarden.

MODERNE PRINSESSER gjer som dei vil. Dei tek utdanning, reiser utanlands, drikk caffe latté lenge før Herman Friele klarar å uttala ordet, og etterfyller mjølk på 7-Eleven. Moderne prinsesser hoppar i høyet med kven dei vil, og veljer sjølv kven dei vil gifta seg med. Akkurat som kronprinsar.

Moderne prinsesser er til forveksling lik vérdamer, bortsett frå at dei altså er prinsesser og har flottare leilighet.

Prinsar og prinsessar blir vidspurde i det sekundet dei blir fødde, og automatisk medlemer av den glamorøse, norske eliten. Dei som er der frå før, er der fordi dei er rike, som Kjell Inge Røkke, eller dyktige, som a-ha eller John Carew eller Thor Heyerdahl, seier professor i statsvitenskap ved NTNU i Trondheim, Torbjørn Knutsen:

— Men ein kongeleg er berømt, fordi ho er berømt. Som det vart sagt om Zsa Zsa Gabor: She's famous for being famous, seier Knutsen.

ý Når ein er berømt, er ein av ulempene at ein blir gjenkjent overalt. Einaste måten å gøyma seg er blant andre berømte personar, så kan dei gøyma seg bort saman.

Men det går ikkje an å gøyma seg heilt bort i Norge. Landet er for lite, for oversiktleg og for sosialdemokratisk.

— Det er nok lettare for britiske prinsar og prinsesser. Storbritannia har ei overklasse, eit trygt, lukka aristokrati, som kongebarna blir naturlege medlemer av. Eit slikt aristokrati har ikkje Norge, og det gjer vårt kongehus spesielt. Då må dei kongelege ut i eit offentleg rom, som er mykje meir ope.

«(ý) jeg fikk et litt klarere bilde av hvem jeg selv er. Og ved at jeg på ett eller annet tidspunkt plutselig innså at jo mer jeg flyktet fra denne delen av meg, som også var meg, nemlig å være prinsesse, ja, desto mer ville jeg bli redd og føle meg elendig. Hvorfor ikke bare stanse og snu seg, se det i øynene og godta det? Og det gjorde jeg.»

PRINSESSA SÅG TROLLET i augene, og vann. I dag står Märtha Louise fram for oss som ei flott, freidig og frisk ung kvinne, ein typisk representant for sin generasjon. Ein dyktig sprangryttar, ein populær eventyropplesar og skribent med ambisjonar. Utdanna fysioterapeut, teiknspråkkyndig. Og ho har aldri vore vakrare og tryggare enn ved inngangen til 30-åra.

— Vi lever i individualismens tidsalder, noko prinsessa har våga å spela på. Og det er bra. Istadenfor å gå inn i ei rolle, har ho valt å foreina sin eigen personlegdom med prinsesserolla. Det er klokt. Og det verkar, seier sjefredaktør i Henne, Ellen Arnestad.

Professor i medievitskap, Martin Eide, meiner at prinsessa forsøker seg på ei moderne tolking av si eiga rolle.

— Ho spelar på gamaldagse, arketypiske og ålmennkulturelle førestillingar, samtidig som ho har ein ledig, ungdommeleg profil.

— Men ønskjer ho å framstilla seg sjølv som ei eventyrprinsesse?

— Det at ho les eventyr er svært effektfullt, men inviterer til ein del klisjéar, og gir journalistar mange billege poeng.

EIN GALLIONSFIGUR utan politisk eller økonomisk makt. Er det likevel dette den moderne prinsesserolla kokar ned til, også, når alt kjem til alt?

— Å vera prinsesse betyr ingenting i det daglege Norge. Märtha Louise jobbar no med å finna ut kva prinsessetype hun ønskjer å vera. Ho må velja om ho vil vera ei synleg og aktiv prinsesse, eller forfattarkone i Moss, mener informasjonsrådgiver Ole Christian Apeland.

— Kongehuset har i dag utelukkande ein symbolsk funksjon. Men det er ikkje meiningslaust å ha symbolverdi, seier professor Knutsen. Märtha Louise er i ferd med å setja sin egen dagsorden for kva ei prinsesse skal vera, meiner Ellen Arnestad.

— Ho har våga å satsa på personleg styrke, og det blir oppfatta som genuint ekte og troverdig Eg synest at hun framstår som ei mykje meir tydeleg prinsesse, enn tantene hennar i si tid var. Dette er viktig, hvis monarkiet skal overleva. Mitt råd til Märtha Louise er at ho skal halda fram med å vera modig, og engasjere seg i kultur- og kulturformidling. Det er typisk for den postmoderne kvinna å vera oppteken av modernitet og tradisjoner, side om side.

«SÅ LEVDE DEI lukkelege alle sine dagar». Dei gamle folkeeventyra sluttar alltid ved bryllaupsfesten. Som ein stafettpinne er prinsessa blitt levert vidare frå far til ektemann. Etterpå trekkjer prinsessene seg tilbake, og lever lukkelege til sine dagars ende, med kanel i svingane og sukker på.

— Men Märtha Louise er jo ei verkeleg prinsesse. Det er vanskeleg å finna parallellar i eventyra til Märtha Louise, men den einaste ho kan samanliknast med er prinsessa som ingen kunne målbinda. Ho er talefør og overgår Askeladden, meiner statsstipendiat Ørnulf Hodne til Bergens Tidende.

«Og det er jo faktisk ikke slik at en prinsesse bare må gå med fjong hatt eller klippe av snorer eller stå med et glass med høy stett og konversere litt uforpliktende om ting, og det er det, liksom (ý) Nå skjønner jeg jo at denne rollen, den kan jeg fylle med det jeg personlig er interessert i og opptatt av.»

Kjelder: «Underveis» av Erik Fosnes Hansen, professor emeritus Reimund Kvideland, Norsk Gallup.

Illustrasjon: Marvin Halleraker