Tysdag denne veka handsama Bjørgvin bispedømmeråd anken frå sokneprest Jan Ove Totland i Kvinnherad, etter at rådet avslo søknaden hans om fritak for buplikta i prestebustaden på Husnes i november i fjor. Rådet tok omsyn til anken, og same kveld melde presten flytting til bustaden som han eig saman med kona Marit Elisebet Totland på Valen.

— Marit hadde alt flytta til Valen, og eg ville dela seng med kona! seier soknepresten til avisa Kvinnheringen.

- Antikvarisk

Presten fortel ærleg til avisa at han berre har kvilt middag ein dag i prestebustaden sidan desember, men at han har henta posten og heldt tilsyn med huset. Paret har stått fram i aviser for å setja saka på dagsordenen. Dei har heile tida hevda at bupliktordninga for prestar er antikvarisk.

Problema for ekteparet starta då dei kjøpte seg hus på Valen i fjor haust for å koma seg nærmare barn og barnebarn. Samstundes søkte presten om fritak for buplikta i prestebustaden, men fekk avslag.

Det skuldast eit kriterium om at presten må vera over 60 år for å få fritak for buplikta i bustader eigd av Opplysningsvesenets fond.

Senka aldersgrensa

Denne veka senka Bispedømmerådet denne aldersgrensa til 55 år. Dermed fekk både Jan Ove Totland (55) og ein annan prest, som hadde søkt om fritak for buplikta, ønsket sitt oppfylt.

— Eg er letta og nøgd. Det er flott at dei har senka aldersgrensa for fritak. Huset har ikkje lenger noka med prestegjerninga å gjera, og difor har heller ikkje buplikta nokon funksjon, seier Totland.

— No kan eg leggja ned stridsøksa. Det er godt å kunna slå seg til ro, seier kona til Kvinnheringen.