Det blir resultatet dersom komiteleiar og saksordførar, Jan Petersen (H), og nestleiar i forsvarskomiteen, Per Ove Width (Frp), får gruppene sine med på opplegget dei no går inn for. Både Petersen og Width vil sende flykjøp-saka tilbake til Regjeringa, rett og slett av di den er for dårleg utgreidd. Høgre og Frp har fleirtal i komiteen, og Stortinget må då votere over om saka skal sendast tilbake til Regjeringa.

Før støtte av Venstre

— Venstre vil følgje denne innstillinga. Vi har alt bestemt oss, uavhengig av kva dei andre partia gjer i denne saka. Flykjøp-saka er for dårleg utgreidd, seier Venstre-leiar Lars Sponheim til Bergens Tidende.

Mykje tyder på at også KrF vil følgje dei tre andre opposisjonspartia. Parlamentarisk nestleiar i KrF, Ingebrigt Sørfonn, seier at partiet er kritisk til sakshandsaminga og grunnlaget frå Regjeringa. Stortingsgruppa vil ta endeleg stilling i morgon.

Dermed må regjeringspartia nytte partipisken dersom dei vil tvinge gjennom eit stortingsvedtak før sommarferien.

Press og skvis

Etter det Bergens Tidende får opplyst, ønskjer ingen av forsvarspolitikarane i regjeringspartia dette hastekjøpet. Men dei er blitt pressa på plass for at Regjeringa skal få viljen sin.

Saka smerter aller mest for SV.

  • Men må vi, så må vi. Kva vi skal røyste, er rimeleg avklara gjennom vedtaket i gruppa vår, seier Bjørn Jacobsen, som er SV sin representant i forsvarskomiteen.

Frps Per Ove Width synest SV si haldning er midt sagt underleg.

— På den eine sida opplever vi at SV-leiar og finansminister Kristin Halvorsen «bjeffar» mot at vi plasserer pengar frå pensjonsfondet i Lockheed Martin. Samstundes går ho, SV og Regjeringa inn for å kjøpe militære transportfly frå det same selskapet, i staden for å vente eit par år. Attpåtil utan konkurranse. Realiteten i dette vil vere at det blir SV som pressar igjennom å kjøpe krigsfly frå Lockheed Martin, seier Width.

Vil ha gransking

Både Petersen og Width ønskjer at kontrollkomiteen og Riksrevisjonen går inn og granskar Forsvarsdepartementets handtering av flykjøp-saka. Begge viser til opplysningane forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) la fram for Stortinget i fjor haust.

I budsjettproposisjonen frå Forsvarsdepartementet for 2007 står fylgjande å lese om Hercules-maskinane som no blir vraka av Regjeringa:

«Dette skiftet av yttervinger vil, sett i sammenheng med en mindre oppgradering av enkelte av flyenes komponenter, gjøre at flyene igjen kan utføre alle typer kjente oppdrag fram til ca. 2012-2015.»

— Ein statsråd som får slikt servert av eit embetsverk og som så må gå tilbake på det, ville ha gjennomført ein skikkeleg oppvask i departementet. Men det er lite som tyder på at forsvarsministeren har teke ein slik oppvask, seier Petersen og legg til;

— Stortinget har måtta hale og dra for å få ut opplysningar frå Forsvarsdepartementet. Komiteen har sendt uvanleg mange spørsmål. Vi burde ha sendt endå fleire. Men det er grenser for kor langt komiteen kan gå i å drive saksbehandling. Ei saksbehandling departementet burde ha gjort sjølv.