Nokon har hengt eit A4-ark på kontordøra hennar. «Gratulerer, Kari», står det med raude bokstavar.

Det er ikkje fyrste gong NRK-kolleger kan gratulere Kari Hesthamar med tittelen Europa-meister i radiodokumentar. Både i 1999 og 2004 kom ho heim med førsteprisen frå Prix Europa-konferansen i Berlin.

No har 35-åringen frå Hesthamar i Ullensvang klart det igjen. «Eit perfekt program», meinte juryen, som nyleg kåra radiodokumentaren «So long Marianne» til best i Europa i konkurranse med 43 andre program.

— I år var det mange tunge dokumentarar om politiske oppgjer, globalisering og innvandring, seier Kari Hesthamar, som jobbar i NRKs dokumentarredaksjon.

— Eg trur rett og slett eg vann fordi folk syntest det var godt å høyre ei kjærleikshistorie.

«Bird on a wire»

I dokumentaren møter vi 70-åringen Marianne Ihlen, som budde saman med den verdsberømte, kanadiske visesongaren, forfattaren og poeten Leonard Cohen frå byrjinga til slutten på 60-talet. Han fekk sitt kunstnarlege gjennombrot i denne perioden.

I «So long Marianne» fortel Ihlen om korleis ho møtte Cohen på den greske kunstnarøya Hydra, medan ho framleis budde saman med den norske forfattaren Axel Jensen. Etter at ekteskapet havarerte, flytta Ihlen og sonen inn hos Cohen.

Til henne skreiv han verdskjende viser som «So long Marianne» og «Bird on a wire». Cohen har også dedisert to diktsamlingar til henne.

Ihlen hadde blitt spurt mange gonger om å fortelje om samlivet med Cohen, og alltid svart nei. Men Kari Hesthamar fekk ja. I alt 25 timar med samtalar og lydopptak vart til slutt redigert ned til 45 minutt.

— «So long Marianne» fortel ei ekstraordinær kjærleikshistorie. På grunn av Cohen, Jensen, Hydra og musikken. Kanskje høyrer folk Cohens songar på ein annan måte etter å ha høyrt dette radioprogrammet, seier Hesthamar.

Gåsehud hos Cohen

Seinare, i oktober i fjor, reiste Hesthamar til California for å intervjue Leonard Cohen - eit møte som resulterte i endå ein radiodokumentar på NRK P2.

— Eg ante ikkje kor mykje tid eg kom til å få saman med han. Men eg vart invitert heim til det vesle huset i utkanten av Los Angeles, var der seint og tidleg i tre dagar, møtte familien og venene hans.

— Kva inntrykk har du av Cohen?

— Ein stillfaren mann. Eg skjønte kjapt at det ikkje var vits med smalltalk. Eg kunne vere der i timevis utan å snakke med han, fortel Hesthamar til BT.

— Då eg ba han spele noko for meg, tok han opp gitaren, improviserte litt, og song «If it be your will». Eg fekk gåsehud. Mange damer ville døydd for å oppleve det same, ler ho.

Radiodraumar

Det er lettare å skape kjensler på radio enn tv, meiner Hesthamar, som har arbeidd i NRK sidan 1996. Sjølv vaks ho opp med Barnetimen og Radioteatret som radiofavorittar.

— Mykje same typen radio som eg driv med i dag, eigentleg. Radio er først og fremst eit opplevingsmedium, og det er lettare å bli glad i folk på radio. Lyttaren kan lage sine eigne bilete, og drøyme sine eigne draumar. På tv er det produsenten sin draum du får presentert, seier Hesthamar, som synest stemma er eit fantastisk instrument.

Bjelland, Håvard