At Posten var oppkjøpar av HSD Transport As gjekk ikkje upåakta hen i går. Men kontorleiar Kjartan Ringheim ved avdelinga på Voss reagerte slett ikkje surt på oppringinga frå kollegaer i NorCargo.

— Slikt må vi finna oss i. Vi gjorde det same då dei vart oppkjøpt av Posten, vedgår Ringheim overfor Bergens Tidende.

I går hadde han hendene fulle med å informera kundane om Posten sitt oppkjøp av selskapet, og distribuera pressemeldinga.

Han byrja si transportkarriære i Trans Trading i 1987, og har sidan vore offer for oppkjøp og reorganisering ørten gonger.

— Men eg hadde ikkje tenkt at eg skulle enda opp som ein slags postmann, seier han.

Om Posten sitt oppkjøp av HSD Transport AS er godt eller gale for dei fem tilsette på Voss, veit han lite om enno. I tillegg til han sjølv og to kontormedarbeidarar, har to fraktmeklarar arbeidsplassen sin ved avdelinga. Meklarane har heile landet som arbeidsfelt, via telefon. HSD Transport står sterkt på Vestlandet, i Vestfold og Østfold, og kompletterer på ein god måte NorCargo som Posten har kjøpt opp før.

— Står arbeidsplassane i fare?

— Det veit eg ingenting om. Eg ser på dette som ei grei overtaking av verksemda, og alle tilsette har si arbeidsavtale og ansiennitet.

— Og om Posten skulle stå saman HSD Transport og NorCargo til eit felles dotterselskap?

— Då er sjansane større for endringar, men eg går ut frå at ansiennitetsreglane blir fylgde, ikkje som i SAS-Braathens.

BLUES I HSD: For kontorleiar Kjartan Ringheim er t-skjorte med blues-motiv dagleg kontorantrekk, ikkje berre på «blå» dagar i HSD. Ringheim er betre kjend som mangeårig leiar av Voss Bluesklubb og Voss Blues- og Rootfestival.
ARNE HOFSETH