På denne måten oppsummerer Bondevik vårsesjonen i Stortinget og erklærer at regjeringa er nøgd med seg sjølv. Han presenterte det han sterkt mislikar blir omtala som regjeringa si «skryteliste».

Ein annan måte å sjå det på, er å seie at det syner at sjølv om regjeringspartia er i mindretal, er opposisjonen så splitta, og Ap redd for å ta regjeringsansvar, at opposisjonen i alle fall ikkje kan samle seg om eit regjeringsdyktig alternativ.

Manøvrane

Dermed har Bondevik lykkast i å baute seg fram med list og trugsmål.

Bondevik sjølv meiner åtvaringane hans for å få ait ansvarleg budsjett, har hatt verknad.

— Stortinget har hatt tillaup til å vedta utgiftspostar utan inndekning. Resultatet nå er blitt ansvarlege rammer.

Ifylgje Bondevik har regjeringspartia oppnådd fleirtal i konstellasjonar med Ap, Frp og SV om lag like mange gongar i denne stortingssesjonen. Han meiner det understrekar at regjeringa har handlingsrom og ikkje er så veik som mange ynskjer å framstille det.

Om regjeringspartia opplever sterk motvind på galluptalla, «så sveisar det oss tettare saman» og gjev ny vilje til å stå på, ifylgje Bondevik.

— Vi kan ikkje styre etter meiningsmålingar. Det ville gje for liten stabilitet i politikk og rammevilkår. Dessutan har eg vore med i politikken så lenge at eg veit at meiningsmålingar snur. Eg vonar dat det skjer raskt.

Til trøyst

Han søker også trøyst i sin tidlegare regjeringssjef, Jan P. Syse, sine ord om ei regjering som blir utsett for kritikk: «Vi må henge saman, elles blir vi hengt kvar for oss».

Provet på at regjeringa sin politikk er «vellukka» er for Bondevik nå at renta har gått markant ned, at kronekursen fell og at dette betyr store økonomiiske fordelar for folk med lån og bedrifter som har kjempa i motvind.

I dag trykte Bondevik næringslivsleiarar til sitt bryst som i avisa Dagens Næringsliv gav uttrykk for at optimismen er tilbake og at ein nå vil satse.

Bondevik ventar at dette vil gje seg utslag i nye investeringar som på lengre sikt vil skape fleire nye arbeidsplassar.

For aukande arbeidsløyse vil framleis vere eit stort problem, innser statsministeren.

Utfordrar Stortinget

Bondevik held medarbeidarsamtalar med statsrådane i regjeringa. Og regjeringa drøftar løpande forholdet mellom regjeringa og Stortinget, fekk vi vite i dag.

Samstundes nektar Bondevik for at regjeringa eller einskildstatsrådar har lagt seg til å la det gå sport i å utfordre Stortinget, slik talsmenn for opposisjonen har ymta om.

LIKT FORDELT: Regjeringspartia har oppnådd fleirtal i konstellasjonar med Ap, Frp og SV om lag like mange gonger i denne stortingssesjonen, sa statsminister Kjell Magne Bondevik i dag.<p/> FOTO: TERJE BENDIKSBY, SCANPIX