Den toppmoderne, gigantiske trålaren var fortøydd saman med kystvaktskipet «Andenes» og ankra opp like utfor hamnebassenget ved Akershus festning, Rådhuskaia og Aker Brygge.

Både statsråd og Statsraad

«Kystens dag» vart markert med ulike arrangement over heile landet. Ved kai i Oslo låg eit utal ulike fartøy, mellom desse også «Statsraad Lehmkuhl».

Om bord på KV «Andenes» var det oppmarsjert musikkorps. Medan «Ja vi elsker» vart spela og avsunge om bord, drønna kanonane frå Akershus festning.

Fiskeri— og kystminister Svein Ludvigsen opna «Kystens dag» og delte ut Fyrtårnprisen. Prisen, som vart delt ut for andre gong, gjekk til Forbundet Kysten, for innsatsen for å ta vare på kystkulturen.

Arrangementet inngjekk i 100-årsmarkeringa, og til stades var også den nye styreleiaren der, advokat Jens Kristian Thune. Han har fått jobben med å få kontroll over økonomien i jubileumsfeiringa. Frå før er han kanskje mest kjent som bustyrar som har jakta på Hilmar Rekstens svarte utanlandsmillionar.

Under arrangementet fekk fiskeriministeren også overlevert ei ny omfattande offentleg utgreiing om ny lov om viltlevande marine ressursar. Utvalet har vore leia av førstestatsadvokaten i Rogaland, Harald Grønlien.

Lie og Lie

Med på arrangementet var også tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for KrF, Lars Gunnar Lie, som har kjøpt seg sjark og driv fiske heime på Sotra. Han er syskenbarn av Peder O. Lie og andre av eigarane.

Både reiar Peder O. Lie og syskenbarn Lars Gunnar var tydeleg stolte over det dei kunne vise fram for fiskeristatsråden og dei andre inviterte. Trålaren, som tek kjempefangstar, kan opererast med eit mannskap på berre 8-10 personar.

Peder O. Lie var så smart at han allereie under planlegging av det nye fartøyet kontakta Havforskingsinstituttet for å få vite kva behov dei hadde for å kunne nyttiggjere seg det nye fartøyet til sine prosjekt. Instituttet nappa og inngjekk ein avtale. Det resulterte i at fartøyet ikkje berre har det mest avanserte utstyret forskarane treng, forskarane har også eigne rom til disposisjon når dei er om bord.

«Intelligent trålpose»

Med på omvisinga var også havforskaren Egil Ona frå Havforskingsinstituttet. Han kunne fortelje om utvikling av ein «intelligent trålpose» som skal kunne skilje ut uynskt fangst. Han demonstrerte teknologien som gjer det mogeleg å skilje fisk på art, mengde, storleik, blanding og jamvel feitt.

Fiskeriministeren var tydeleg imponert og positiv til det han høyrde og såg.

Positiv var derimot ikkje stortingsrepresentant Steinar Bastesen frå Kystpartiet. Han likte ikkje det han såg:

Sterkt kritisk

— Det er klart ein blir imponert over teknologien, men Noreg treng ikkje slike båtar.

Dei gjer nokre få til millionærar og skvisar ut dei andre fiskarane. Det har store konsekvensar både for sysselsetjing og busetjing, seier Bastesen til Bergens Tidende. Han er djupt usamd i den fiskeripolitikken Ludvigsen fører.

Bastesen legg til at dei første notbåtane hadde i si tid utkast og haling av nota på sida av båten. Seinare vart det utkast og haling i akterenden. På den nye «Libas» er utkast og haling tilbake på sida.

— Det inneber at dei gamle ikkje var så dumme likevel, seier Bastesen.