VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noOsloGunnar Nordhus krev åleine 5,85 millionar kroner. Edvard Vogt har ikkje talfesta kravet, men det er på det reine at også han vil krevje eit millionbeløp. — Dette er heilt rettmessige krav på bakgrunn av det vi har vore utsett for. Utan støtten frå professor Anders Bratholm og Oslo-gruppa, hadde vi knapt overlevd det vi har vore igjennom, seier Gunnar Nordhus til Bergens Tidende. Trakassering og forfylging Bakgrunnen for erstatningskrava er tap og skade Nordhus og Vogt meiner å vere påførde som reaksjon mot politivaldsforskinga. Det gjeld trakassering og forfylging og urettmessig straffeforfylging av politi og påtalemakt. Det gjeld ifylgje stemninga også "erstatning for den forfølgelse og trakassering han (Nordhus) ble utsatt for fra ansatte ved Bergen politikammer i perioden 1975-1990."Nordhus sitt krav er erstatning for tapte inntekter med inntil 3.850.000 kroner. Han krev også erstatning for ikkje-økonomisk skade med inntil to millionar kroner. Dessutan krev han at staten blir dømd til å betale sakskostnadane. Utgangspunktet Nordhus og Vogt gjennomførde frå tidleg på 1970-talet eit storstila valdsforskingsprosjekt. Ein mindre del av dette galdt politivald. Men det var dette temaet som kom til å fange nesten all merksemd då resultata vart publisert i 1981.Sidan gjekk det slag i slag med nye rapportar om valdsbruk i Bergen. Politi og påtalemakt innleidde etterforsking både mot Nordhus, Vogt og Bratholm, mot professor Kjell Inge Bjørvik, mot journalistane Arne Wam og Tron Strand, og mot Amnesty International.