PST si handtering av denne saka har etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, sett grå hår i hovudet både på overordna påtalemakt og hjå den politiske leiinga.

Juridisk minefelt

PST, justisministeren og kommunalministeren har hamna i eit «juridisk minefelt» når det gjeld kravet om å vise handlekraft i mulla Krekar-saka. Det er problematisk å opptre rettsleg korrekt stilt overfor kravet om å ekspedere Krekar ut av landet.

Statssekretær Jørn Holme svarar berre «ingen kommentar» når BT spør om Krekar er sikta.

Det illustrerer problemet. For PST uttala i går at siktinga mot Krekar står ved lag.

PST sikta i fjor haust Krekar for brot på paragraf 104 a i straffelova. Grunnlaget var at han skulle ha skipa eller slutta seg til «privat organisasjon av militær karakter» i Irak.

Samstundes ransaka PST bustaden til Krekar på jakt etter bevismateriale.

Feil lovbruk

Haken ved siktinga er berre den at kapittelet i straffelova som denne paragrafen tilhøyrer, handlar om «Forbrytelser mot Norges statsforfatning og statsoverhode».

Paragrafen kom til på 1950-talet og var meint å råke «femtekolonne-verksemd» i Noreg.

Av kommentarutgåva til straffelova, redigert av professorane Anders Bratholm og Magnus Matningsdal (Matningsdal er nå dommar i Høgsterett), er det klart slege fast at «Objektet for handlingen er Norge, eller annen stat som under krig er forbundet med Norge».

PST må difor sannsynleggjere at handlingane til Krekar er retta mot Noreg.

Handlingar som er retta mot Irak, skulle dermed falle klart utanfor.

Feil av PST

Strafferettsprofessor Erling Johannes Husabø ved Universitetet i Bergen, er også klar. Til Bergens Tidende seier han:

— Spørsmålet har ikkje vore oppe for norske domstolar, men det er sterke tolkingsmoment som tilseier at ein ikkje kan nytte paragrafen så vidt som PST har meint. Etter mitt syn er det veldig vanskeleg å støtte ei tolking av denne paragrafen som inneber at den typen handlingar blir råka. Lovteksten talar for seg sjølv. Dessutan har ein hatt tilsvarande diskusjon i Danmark. Der har ein landa på ei innskrenkande tolking av paragrafen. Den norske paragrafen er blitt til etter mønster frå Danmark. Det byggjer opp under at vi også må tolke paragrafen innskrenkande.

Husabø nemner vidare at spørsmålet om fortolking av paragrafen ikkje vart drøfta i det høyringsnotatet frå Justisdepartementet som galdt lovgjeving mot terrorisme.

Ekstra problem

Problemet for norske styremakter blir forsterka ved at ein gjennom år har late utanlandske statsborgarar, som har vore knytt til frigjeringsrørsler i fleire land, ha tilhald i Noreg. Det har vore kjent og akseptert, anten det nå gjeld ANC som i mange år og med norsk statleg pengestøtte dreiv frigjeringskamp i Sør-Afrika, eller frå seinare tid: Koigi wa Wamwere og Kenya.

PST var i går ikkje i stand til å kommentere desse spørsmåla overfor Bergens Tidende.

VIL BLI I NOREG: Mulla Krekar kjenner seg truga på livet og vil bli i Noreg. - Eg har ikkje noko anna land enn Noreg. Blir eg utvist, må FN finne eit land til meg, sa Krekar på ein pressekonferanse i går. Til venstre sit advokaten hans, Brynjar Mehling.
Foto: Scanpix