Det er eit særsyn at to etatssjefar i politiet sender ut ei slik melding, og når det skjer, tyder det på at motsetningane er alvorlege. Elles ville det ikkje vere behov for å fortelje det motsette.

Etter det Bergens Tidende forstår var det PST-sjefen, Per Sefland, som ville sende ut pressemelding for å avvise påstandane om intern politikrangel om terrorjakta. Politimeister Anstein Gjengedal meinte ein i så fall burde sende ut ei felles pressemelding. Og slik vart det.

Bakgrunnen er oppslag i Aftenposten der det vart fortalt at tenestemenn i Oslo-politiet er misnøgde med at tenestemenn i overvakingspolitiet, PST, held hemmeleg opplysningar for Oslo-politiet som også jaktar på moglege terroristar.

«Frustrerende»

I pressemeldinga blir det slege fast at det gjeld ei oppgåvefordeling mellom Oslo-politiet og PST i kampen mot terrorisme. PST-sjefen uttalar samstundes forståing for at tenestemenn i Oslo-politiet «kan finne det frustrernde å vite at PST sitter med kunnskap som tenestemennene i Oslo politidistrikt ikka kan få direkte innblikk i.»

Det blir vist til at PST har «plikt til å ta unna/sjå bort frå en del opplysninger også frå andre politimyndigheters innsyn».

Dette kan utleggast som ein mistanke eller ein insinuasjon om at Oslo-politiet ikkje er heilt å lite på, eller «lek som ein sil» som det også blir formulert.

«Temmeleg generelle»

Oslo-politiet er friteke frå overvakingsmessige oppgåver i politidistriktet sitt. Men samstundes skal PST halde politimeisteren i Oslo løpande orientert om om overvakingsmessige forhold som har relevans for politiarbeidet i distriktet. Oslo-politiet skal også i samråd med PST hjelpe PST med å løyse overvakingsoppgåver i Oslo politidistrikt.

Ein påstått strid om korleis dette samarbeidet fungerer, var noko av bakgrunnen for avisoppslaga som utløyste pressemeldinga frå dei to politisjefane.

PST utarbeider såkalla trugsmålsvurderingar som mellom andre Oslo-politiet får tilgang til.

— Dei er temmeleg generelle, seier politimeister Anstein Gjengedal i ein kommentar til Bergens Tidende.