Hittil har partia vore varsame med å kritisere regjeringa for tsunami-handteringa. Partia har venta på stortingsmeldinga. Når meldinga ligg på bordet er situasjonen heilt annleis. Og kritikken kan bli hard. Den kan ha berekraft fram til valet.

Komité-strid

I første omgang blir det strid om kva for komité på Stortinget som skal få saka til behandling. Her er oppfatningane sterkt delte, dels mellom partia men det er også ulike oppfatningar internt i fleire av partigruppene.

Det er presidentskapen på Stortinget som avgjer spørsmålet, og det skjer måndag, opplyser stortingspresident Jørgen H. Kosmo (Ap) til Bergens Tidende. Her har opposisjonen klart fleirtal, 4-2.

Hovudlinene i oppfatningane ser ut til å gå mellom regjeringspartia på den eine sida, og opposisjonspartia på den andre. Regjeringspartia ønskjer at saka skal til justiskomitéen, eventuelt at saka blir sendt til uttale i forsvarskomitéen.

Opposisjonen derimot ser ut til å gå inn for at saka skal til kontroll— og konstitusjonskomitéen.

Ottast Hagen

Gode kjelder opplyser til Bergens Tidende at jamvel regjeringa skal ha uttrykt ei oppfatning i saka med ønskje om at meldinga går til justiskomitéen. Eit slikt engasjement er høgst uvanleg, og i dette tilfellet skal bakgrunnen vere otte for kva «sprell» Frp-formann Carl I. Hagen kan finne på som medlem av kontrollkomitéen.

Bergens Tidende er kjent med at nokre politikarar har ytra ønskje om at saka bør til utanrikskomitéen, ettersom Utanriksdepartementet frå starten av hadde ansvaret for handteringa av saka. Andre har meint at saka bør til forsvarskomitéen.

Regjeringa har vore veldig nøye med å framheve at Reinås-utvalet ikkje var eit granskingsutval, men eit evalueringsutval.

Inge Lønning (H) som er visepresident i Stortinget, seier til Bergens Tidende at han finn det nærliggjande at saka blir sendt til justiskomitéen, med bakgrunn i forhistoria og at det er Justisdepartementet som fremjar stortingsmeldinga.

- Hagen vil nok gjerne

Han legg til at det er ei eineståande sak og at ein har lite erfaringsmateriale å bygge på. Han legg til at den såkalla sårbarhetsmeldinga vart behandla i justiskomitéen, i samarbeid med forsvarskomitéen.

Lønning stadfester at tanken om å sende saka til utanrikskomitéen har vore lufta. Det same gjeld for kontrollkomitéen.

Men Lønning meiner det er lite naturleg at saka blir sendt til kontrollkomitéen. Han argumenterer formelt med at rapporten ikkje er resultat av eit initiativ frå Stortinget og at det ikkje er snakk om ei gransking.

— Men det er fleire som meiner det naturlege er å sende saka til kontrollkomitéen?

— Eg ser ikkje bort frå at det sit folk der som gjerne ønskjer å få saka dit.

— Kven har du då i tankane?

— Det vil ikkje forbause meg om Carl I. Hagen ønskjer å få saka dit.

Frp-representanten, Lodve Solholm, som er president i Lagtinget, seier til Bergens Tidende at partiet meiner saka heilt naturleg høyrer heime i kontroll- og konstitusjonskomitéen.

— Denne saka handlar om korleis regjeringa har utøvd makt og mynde. Då gjev svaret seg sjølv, seier Solholm.

Sprikar

Kjell Engebretsen (Ap) som er nestleiar i kontrollkomitéen, seier til Bergens Tidende at dersom ein meiner at tsunami-saka handlar om sivil beredskap i Noreg, er det naturleg å sende saka til justiskomitéen. Meiner ein derimot at saka handlar om korleis styresmaktene har skjøtta oppgåvene sine, høyrer saka heime i kontrollkomitéen.

Odd Holten (KrF), som er visepresident i Lagtinget, seier til Bergens Tidende at han meiner saka bør til justiskomitéen, eventuelt med tilrådingar også frå forsvarskomitéen. Spørsmålet har vore lufta i partiet. Kontrollkomitéen har vore nemnt, men avvist.