ARNE HOFSETH

Dette seier ekspedisjonssjef Øystein Blymke i Justisdepartementet til Bergens Tidende.

Han har overteke som sjef for departementet si politiavdeling etter Vidar Refvik, no politimeister i Hordaland.

Blymke sit også i ei styringsgruppe, leia av politidirektør Ingelin Killengreen, som følgjer med på gjennomføringa av reforma.

Bli meir operative

— Blir det 450 fleire politifolk ute i gatene?

— Reforma sikta aldri mot at alle desse skulle patruljera gatene. Det har heile tida vore snakk om å overføra årsverk frå administrative til operative oppgåver. Frå kontorarbeid til meir tradisjonelt politiarbeid, både inne og ute, seier Blymke.

— Lykkast det?

— Rapportane så langt, tyder ikkje på at målsetjinga bør reduserast, seier ekspedisjonssjefen.

Leiaren for Politiembetsmennenes Landsforening, tidlegare politimeister Ansten Klev i Kristiansand, synest at reforma har blitt rimeleg greitt gjennomført til no.

— Det kan godt henda at vi er så mykje opptekne av sjølve reformarbeidet at vi ikkje får nok tid til å fakka tjuvar, seier Klev til Bergens Tidende. Han er viss på at effektiviteten i politiet vil auka.

Lettare tilgjengeleg

Frå hans ståstad er arbeidstidsreglane for juristane viktigaste endringa. No blir juristane lettare tilgjengeleg for etterforskarane, og «overetterforsking» kan unngåast.

— «Overetterforsking»?

— Ja, det blir teke mange unødige avhøyr, for å vera på den sikre sida. No kan ein jurist spørjast, uansett tid på døgeret.

Under politimeister-nivået er det svært få som har flytta på seg.

— Dei fleste politijuristane sit der dei sat, fordi det er der sakene er. Flyttevegring har ikkje vorte sett på prøve, seier Klev.

Politijuristar i distrikta

— Vil til dømes Sogndal og Odda ha politijuristar i framtida?

— Ja, det vil eg tru, så lenge det er ein domstol (tingrett) i nærleiken. Det er ein fordel å ha påtalefolk slike stader, seier Klev.

Hardanger Politidistrikt i Odda vart nedlagt då Vidar Refvik avløyste Finn T. Rud (Hardanger) Rolf B. Wegner (Bergen) og Geir Gudmundsen (Hordaland) og vart politimeister i nye Hordaland politidistrikt. Sogndal miste politikammeret sitt samstundes. Då flytta politimeister Kjell Ese til Florø og vart meister for heile Sogn og Fjordane fylke og ein liten bit av Sunnmøre, men utan Gulen og Solund, som gjekk til Hordaland.