VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noOslo

Forhøyrsretten fann berre grunnlag for å fengsle for forsetteleg drap. Fengslinga gjeld Ole Nicolai Kvisler (21) og ei 17-årig jente frå Kristiansand.

Forhøyrsretten fann i det heile ikkje grunnlag for å sikte dei tre andre pågrepne for drap eller medverknad til drap.

Retten avslo også politiet si oppmoding om å halde dei tre innsperra inntil lagmannsretten har fått behandla kjæremål frå påtalemakta.

Det inneber at dei tre som forhøyrsretten ikkje ville fengsle, må settast fri straks.

Dette er eit formidabelt nederlag for politi og påtalemakt.

I avgjerda uttalar også retten at retten ikkje har funne haldepunkt for politiet sin påstand om at drapet var planlagd før dei fem sikta personane forlet hus-veret fredag kveld. Retten viser då til det som har kome fram i etterforskingsdokumenta og i forklaringane som vart gjevne i retten.

Det inneber at forhøyrsretten langt på veg sparkar beina under siktinga som går ut på overlagt drap.