Mange har samanlikna livet på Løvebakken med eit liv på ei endelaus tredemølle. Mykje slit utan synleg resultat

Ingebrigt Sørfonn og Heidi Grande Røys (SV) ser ikkje slik på tredemølla.

I alle fall ikkje på tredemøllene som står i treningsrommet i kjellaren.

Det er ikkje uvanleg at dei to spring på dei fleire timar for veka.

Der samlar dei seg overskot til krevjande arbeidsøkter og langdryge debattar i salen.

Opplands-representanten Torstein Rudihagen frå Arbeidarpartiet er tredjemann på laget. Men han står over den ettermiddagen Grande Røys og Sørfonn sveittar til ære for BT sine lesarar.

På trimrommet er det politikk-fri sone. Grande Røys og Sørfonn løyser ikkje politisk usemje over treningsapparata. Ofte ser dei Dagsrevyen medan dei trenar. Og det hender dei løyser politiske flokar i hovudet medan dei slit seg fram på tredemøllene. Treningsøktene må leggjast mellom politiske plikter.

Kristeleg Folkepartis finanspolitiske talsmann er kjent mellom kollegaer for å vera i god form. Men Sørfonn sjølv røper at han ikkje alltid har vore noko treningsfantom.

Fyrste joggeturen hadde han som 30-åring. Målet var å koma rundt ei treningsløype på 5 kilometer heime på Fitjar.

— Kona åtvara meg og meinte eg måtte ikkje ha for store ambisjonar. Men eg syns eg gjennomførte turen i fin stil. Men du skulle set meg neste dag,. Eg var så støl at eg knapt greidde å koma meg opp av senga.

POLITISKE FLOKAR: - Det hender eg løyser politiske flokar i hovudet medan eg er trimrommet, seier stortingspolitikar frå Hordaland, Ingebrigt Sørfonn (KrF). Han satsar vanlegvis på to treningsøkter i trimrommet for veka. Her er han med ein blå sekk som sparringpartner. <p/>HÅVARD BJELLAND (foto)