— Saka er lagt vekk med grunngjevinga at «intet straffbart forhold anses bevist», opplyser kriminalsjefen i Asker og Bærum politidistrikt, Irene Grøndal, til Bergens Tidende.

Saka mot ekspedisjonssjefen vekte betydeleg oppsikt etter at det vart kjent at ein ekspedisjonssjef i sentralforvaltninga var mellom dei som vart sikta under den store barnepornorassiaen i august.

Grøndal opplyser at avgjerda, som er fatta av statsadvokaten i Oslo, er i samsvar med innstillinga frå politiet.

— Denne etterforskinga må ha gått svært raskt?

— Vi var ferdige med det vi skulle gjennomgå og fann at det ikkje var grunnlag for å hevde at det hadde skjedd noko straffbart, seier Grøndal.

Ho vil ikkje utdjupe nærare kva etterforskingsskritt og vurderingar som er gjort. Ho vil ikkje svare på om avgjerda kan ha samanheng med at handlingane har skjedd i 1999 og at straffevilkåra då var annleis enn i dag.

Kripos-sjef Arne Huuse seier til Bergens Tidende at han ikkje var kjent med at saka mot ekspedisjonssjefen er lagt vekk. Han avslår å kommentere avgjerda nå.

Huuse seier at han heller ikkje har oversikt over stillinga når det gjeld etterforskinga av dei andre 162 sakene. Han viser til at ansvaret for etterforskinga nå ligg i dei einskilde politidistrikta. Kripos opptrer nå på vanleg måte som eit organ som yter hjelp til politidistrikt som har behov for det.

Huuse kan likevel opplyse at etterforskinga så langt har avdekka at fem av dei sikta skal ha dreven eigenproduksjon av barneporno i Noreg. Det er i så fall ei sak meir enn det korrigerte talet på fire som det tidlegare er opplyst om. Opphavleg vart det opplyst at talet var åtte.

Ifølgje Huuse kan det seinare bli aktuelt å samle opplysningar om resultatet av aksjon og etterforsking til bruk for Justisdepartementet, Politidirektoratet og riksadvokaten.