VIDAR YSTADOsloI tre-årsperioden 1997-99 endte berre 13 av i alt 130 melde tilfelle av rasediskriminering med nokon form for reaksjon. Ni av desse sakene endte med tiltale, to med forelegg (bot) og to vart overførd til konfliktråd. Reaksjonane Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det i 1997 og 1999 ikkje vart nokon straffereaksjonar i dei sakene der det vart teke ut tiltale. Mest sannsynleg inneber det at den tiltalte vart frifunnen. I 1998 vart det straffereaksjonar i fire tilfelle. Tre resulterte i betinga fengsel og bot, ei sak resulterte i bot.I fjor vart det meld 32 tilfelle av rasediskriminering. Det er det klårt lågaste talet i heile ti-årsperioden. Gjennomsnittet var 44 årleg. 167 av dei til saman 442 sakene vart melde til Oslo politikammer.

Prioritert av riksadvokaten Dette er resultatet trass i at riksadvokaten har uttala at oppfylging og etterforsking av denne typen lovbrot, skal prioriterast.Det markerte riksadvokat Tor-Aksel Busch ved sjølv å aktorere saka mot Jack Erik Kjuus for Høgsterett i plenum i 1997. Kjuus vart dømd for rasediskriminering.Det er stor avstand mellom talet på saker som er melde og kor mange som er etterforska. Det kan til ei viss grad forklarast med at det tek litt tid frå ei sak blir meld til det blir iverksett etterforsking. Men over tid vil dette jamne seg ut. Tala indikerer difor at ein god del saker blir lagt vekk utan etterforsking og seier då noko om prioriteringa som blir gjort i politiet. Behandlinga I 1994 vart 42 saker melde til politiet som rasediskriminering. 29 saker vart etterforska. I 1995 kom 59 saker inn til politiet, 33 vart etterforska. I 1996 fekk politiet inn 66 rasediskrimineringssaker og etterforska 32. I 1997 var tala 47 inn, 51 etterforska. Og i 1998 kom det inn 45 saker, 26 vart etterforska. I 1999 vart 38 saker om rasediskriminering melde, 35 vart etterforska.Dette inneber at 91 saker av i alt 297 som vart melde til politiet i denne perioden, ikkje vart etterforska. Reaksjonane Ser ein så på reaksjonane i dei sakene som vart etterforska, er det raskt gjort å slå fast at dei aller fleste sakene vart lagt vekk med grunngjevinga "manglande opplysning om gjerningsmannen". Dernest fylgjer "manglande bevis". Heile 27 av dei 51 sakene som vart etterforska i 1997, vart lagt vekk med grunngjevinga "manglande opplysning om gjerningsmannen". 43 av dei 51 sakene vart avslutta som uoppklart. Det same var tilfellet med 18 av 26 saker i 1998 og 28 av 35 saker som vart etterforska i 1999.