No heiter dei politiadvokat.

Også mange av dei tidlegare politiinspektørane har fått denne yrkesnemninga. Men enkelte av dei vil framleis vera politiinspektørar. Det gjeld dei som har administrative oppgåver, også administrasjon av politiadvokatar. Dei fleste framtidige politiinspektørane vil venteleg vera juristar, men det er ikkje noko krav. Høge administrative tenestemenn utan juridikum vil kunne bli administrasjonssjef, økonomisjef m.v. Politimeisteren sin nestkommanderande vil som regel vera jurist med tittel politiinspektør eller visepolitimeister, noko som er aktuelt i Hordaland.

Nemninga politifullmektig vil overleva som nemning på politijuristar under opplæring.

Lensmannsbetjentane er no blitt politibetjentar. Tilsvarande for førstebetjentar og fullmektigar. Men lensmannen heiter framleis lensmann.