Dette er to sentrale element i eit grunnlovsframlegg om Riksretten som ein brei politisk allianse på Stortinget står bak. Heile presidentskapen, Jørgen Kosmo (Ap), Inge Lønning (H), Lodve Solholm (Frp), Ågot Valle (SV), Odd Holten (KrF) og Berit Brørby (Ap) pluss Frp-formann Carl I. Hagen, har underteikna framlegget.

Framlegget tek sikte på å oppretthalde Riksretten som institusjon, men bygge ned dei sidene ved den ordninga som gjeld i dag, som opnar for utprega politisk skjønsutøving. I staden ynskjer ein å styrke dei rettslege sidene ved Riksretten.

Riksretten vil etter dette bli ein særdomstol for eit avgrensa konstitusjonelt ansvar. Det er brot på konstitusjonelle plikter som statsrådar, stortingsrepresentantar eller høgsterettsdommarar gjer sek skuldig i, som blir tema for Riksretten.

I denne samanhengen kjem framlegget om å grunnlovfeste Regjeringa si opplysningsplikt overfor Stortinget og at Regjeringa har plikt til å gå av etter å ha fått eit mistillitsvotum mot seg.

I dag er det Protokollkomiteen som har i oppgåve å førebu ei evnetuelt rriksrettssak. Etter det nye framlegget skal dette ansvaret overførast til Kontroll— og konstitusjonskomiteen.

Det er også meininga å opprette eit nytt uavhengig særorgan: Stortingets ansvarskommisjon, som skal undersøke om det er grunnlag for å gjere konstitusjonelt ansvar gjeldande.