Trenden er mindre frøplanting og odling, meir bruk og kast av ferdige planter, meir utstyr til hage og terrasse.

Tre kjeder dominerer marknaden for planter og hageutstyr.

— Norske hageeigarar brukar stadig meir pengar på utedesign. Dei tenkjer meir enn før på fargar og motar. Det er ikkje lenger slik at buskar og tre blir ståande i mannsaldrar, seier Gustav Redalen, fagleg leiar i Det norske hageselskap.

Med våren startar rushet til planteforretningane. Fjorårets innkjøp er historie. Blomar og buskar, puter og møblar er kasserte og skal erstattast med nye. Aldri før har livet i norske hagar vore meir forgjengeleg. Utskiftingsfarten er høg.

— Nordmenn snur ikkje på skillingen lenger. Nokre er enno nøysame, medan andre ikkje ser på kva ting kostar i det heile, seier Gustav Redalen.

Svenskane odlar meir

— Folk vil ha oppgradering heile tida. Planter, buskar, møblement, ting på terrassen, på uteveggen, seier Henrik Thoresen, administrerande direktør i Plantasjen, marknadsleiar på planter og hageutstyr i Noreg og Norden.

— Nordmenn er verdsleiande i det å bruka pengar på heimen. Det slår ut også for hagebruket. Med betre råd følgjer større utskifting, mindre odling. Svenskane kjøper dobbelt så mykje frø og løkar som oss, sjølv om trenden er meir ferdige planter der óg, seier Thoresen.

Plantasjen-direktøren trur at utskiftingstakten for planter og hageutstyr vil auka endå meir i framtida.

— Folk vil ha det endå meir lettvint. Eg ser føre meg at vi må tilby ferdig planta blomekassar og urner. Og endå meir ressursar vil bli brukt på utemøblement.

— Samstundes ser vi at hageeigarane blir meir og meir medvitne på korleis dei vil ha det i hagen. Det medfører at dei i aukande grad ønskjer tilbod om rettleiing, seier Henrik Thoresen.

- Kjeder lite kompetanse

Hageekspertar er ueinige om det er bra eller ille at store, landsfemnande kjeder har fått så stor marknadsdominans når det gjeld hageprodukt.

Leiaren for Hageselskapet i Oppland, Kristin Brækken har sagt til NRK Hedmark og Oppland at små gartneri er pressa ut av dei store kjedene.

— Kjeder som Plantasjen har for dårleg utval, og dei tilsette har for liten kompetanse, seier Brækken. Fylkesleiaren meiner dessutan at dei store selskapa pressar ned kostnader ved å kjøpa billege planter frå utlandet som ikkje toler norsk klima.

— Eg tykkjer ikkje at kjedemakta har blitt for stor. Dei har fått opp omsetnaden og hjelpt til med å gjera Noreg grønare, seier fagleiar Gustav Redalen i Hageselskapet sentralt.

— Dei tre store som dominerer har ulik profil og utfyller kvarandre. BoGrønt satsar meir på sjølvstendige forretningar og fagleg kvalitet enn Plantasjen, som står for volum og rimelege innkjøp, seier Redalen til Bergens Tidende.

Hage på internett

Det norske hageselskap: www.hageselskapet.no

Norsk Roseforening: www.norskroseforening.com

Kolonihageforbundet: www.kolonihager.no

Arboretet og Botanisk Hage på Minde:

www.uib.no/arboretet

Studieforbundet Natur og Miljø: naturogmiljo.no

Norsk Orkideforening: www.orkideer.no

Økologisk Landslag: oikos.no

Norsk Fuchsia Selskap: http://visual-web.no

Natt og Dag Urtelag:

http://home.online.no/~gebby/index.cfm

Norsk Bonsai Selskap: www.bonsainorge.com

Norges sopp- og nyttevekstforbund:

soppognyttevekster.no

Hjeltnes gartnarskule: www.hjeltnes.vgs.no

Planteskoler i vest: www.vestplant.no