Onsdag kveld vart eit notat om planane lagt ut på det statlege forsvarsnettet på internett. Notatet er eit ugradert samandrag av tre delutgreiingar om det som går under namnet «militære informasjonsoperasjoner». Den eine delutgreiinga er laga av Forsvarsdepartementet, dei to andre av ei arbeidsgruppe under forsvarssjefen. Avisa Klassekampen skreiv om saka i går.

Alle tre notata som ligg til grunn, er hemmelegstempla, det vil seie graderte, ifylgje departementet.

Vil påverke

I innleiinga til notatet heiter det mellom anna:

«Enkeltmenneskets iboende trang til å påvirke andre for å oppnå egne mål, har eksistert i uminnelige tider. Ved å påvirke informasjon, griper man direkte inn i menneskets kognitive prosesser som danner grunnlaget for all beslutningstaking.» «Kognitive prosesser» er det som ligg til grunn for all menneskeleg tenking og refleksjon.

Det framgår vidare at «informasjonsoperasjoner vil ha økende og i visse tilfeller avgjørende betydning for vellykket handheving av framtidige kriser og konflikter».

I Noreg og i utlandet

Målet er å «redigere» det biletet og den informasjonen som blir presentert både overfor ein fiende og overfor folket i Noreg.

I notatet blir det sondra mellom offe n sive informasjonstiltak, som blir innretta mot den som fattar avgjerder på den andre sida. Dei kan anten vere løynde eller synlege.

Defensive tiltak rettar seg mot eigen organisasjon og eige samfunn og er av meir diskret natur. Målet er å verne dei som fattar avgjerder på eiga side, framgår det av notatet.

Ifylgje notatet skal Regjeringa ha det overordna ansvaret for nasjonale informasjonsoperasjonar. Dei mest sentrale departementa som får eit særleg ansvar, er Utanriksdepartementet, Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet. Forsvarssjefen skal ta hand om militære aspekt ved informasjonsoperasjonar.

Drastiske verkemiddel

«Militære informasjonsoperasjoner er koordinerte militære tiltak iverksatt for å påvirke andre parters beslutningstakere til støtte for egne overordnede mål, ved å påvirke deres informasjon, informasjonsbaserte prosesser og -systemer, samtidig som vi utnytter og beskytter egen informasjon, informasjonsbaserte prosesser og -systemer.»

Militære informasjonsoperasjonar omfattar ei rad ulike verkemiddel. Notatet nemner fylgjande:

  • Elektronisk krigføring
  • Psykologiske operasjonar
  • Computer nettverk operasjonar
  • Operasjonstryggleik
  • Villeiing
  • Fysisk øydelegging av kommando— og kontrollstasjonar
  • Andre stridsoperasjonar

Presse- og informasjonstenesta og sivilt/militært samarbeid skal ikkje vere ein del av dei militære informasjonsoperasjonane. Men desse elementa samordnast med dei militære informasjonsoperasjonane, heiter det i notatet.