EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Listene over kva som skal gjerast ved eit utbrot av munn— og klauvjuke er lange og detaljerte:* Avtaler er inngått med maskinfirma som skal kaste opp massegraver for kadaver så snart det bryt ut munn- og klauvsjuke.* Område der slike graver skal plasserast er blinka ut. * Tilgang på rikeleg med grus og jord til lukking av gravene er sikra. * Lister over mannskap som skal kontrollere trafikken er utarbeidd.* Krisebrev til bønder og andre involverte ligg klare hos veterinærstyresmaktene.

Møte kvar dag - Alt dette har vi førebudd i detalj, seier distriktsveterinær Gisle Tomasgard i Førde.

Fylkesveterinæren i Sogn og Fjordane og Hordaland, Bjørn Thorson, var denne og førre veka i møte med beredskapsavdelingane hos fylkesmennene, politimeistrane, hamne- og tollvesenet og landbruksstyresmaktene i dei to fylka. På møtekartet stod planlegging av beredskapen i tilfelle smitte.

Kvar dag er Thorson og dei andre fylkesveterinærane i telefonmøte med leiinga i Statens dyrehelsetilsyn i Oslo.

Trur ikkje på full stopp Thorson vil ikkje spå om kva som skjer dersom det bryt ut sjukdom like ved ein av hovudvegane på Vestlandet.- Det må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Vi må finne den rette balansen mellom det som er mogleg å få til og det som er nødvendig, seier Thorson, som trur det skal mykje til før nokon av hovudvegane blir heilt stengt for trafikk.