Som leiar i Hordaland Arbeidarparti er Frøiland innstilt på ei grundig sjølvransaking for å finna ut kvifor det gjekk så gale på valdagen. I går ettermiddag hadde ho invitert alle Ap-ordførarane i fylket til møte saman med partistyret for å snakka ut, og for å finna ein veg ut av det uføret Arbeidarpartiet er hamna i.

— Partiorganisasjonen fungerer ikkje, og partikontoret sentralt har svikta. Dei som sit der maktar ikkje lenger å driva fram det politiske arbeidet. Det må vi no verkeleg ta på alvor, seier ho til Bergens Tidende.

— Det er, i klartekst, partisekretær Solveig Torsvik du her snakkar om?

— Ja ja. Hennar rolle må drøftast grundig. Det er ein svært viktig funksjon partisekretæren framleis har, ikkje minst med tanke på å skapa inspirasjon utover i organisasjonen, legg ho til.

Ranveig Frøiland er også misnøgd med andre i parti- og regjeringsapparatet som ikkje held mål. Ho nemner først og fremst statssekretærar og politiske rådgjevarar, men òg visse statsrådar som ikkje kjenner godt nok til det som rører seg i partiorganisasjonen, og som ikkje har lagt vekt på dette.

— Det er kort sagt for mange flinke gutar og jenter på det nivået som ikkje har god nok kontakt med organisasjonen, er orda ho brukar.

— Er du dermed samd med Hedmark Arbeidarparti som krev ekstraordinært landsmøte?

— Nei, det er det minste vi har bruk for no, seier Frøiland.

Ho ser iallfall ingen grunn til å hamra laus på Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland. Vert det til at partiet går i opposisjon, er det

Stoltenberg som må overta som parlamentarisk leiar, slik ho vurderer det. Det delte leiarskapet, med Jagland som partileiar, meiner ho òg ein kan leva med. Frøiland er elles overtydd om at Arbeidarpartiet tapte fem prosent av veljarane på debatten om sjukelønsordninga og dei låge sosialhjelpsatsane. SV vann tilsvarande.

REFSAR: Partikontoret sentralt har svikta. Dei som sit der maktar ikkje lenger å driva fram det politiske arbeidet, meiner Ranveig Frøiland (bak), leiar i Hordaland Arbeidarparti.
FOTO: JAN M. LILLEBØ