Det er selskapet Scan Aqua frå alpin— og fjellbygda Oppdal i Sør-Trøndelag som har søkt om konsesjon for kråkebolleoppdrett på tre lokalitetear i sognekommunen. To av lokalitetane ligg ved øya Røytinga, heilt sørvest i kommunen. Den tredje ligg lenger nord, ved Hisarøy.Kjem anlegget i gang kan det gje mellom 15 og 20 arbeidsplassar, og i tillegg verte ei attåtnæring for fiskarar i området. Enorm kontrolloppgåve I gårsdagens utgåve av Bergens Tidende sa talsmannen for trøndelagsselskapet, Jan Arve Gjøvik, at dei håpar på eit positivt svar på konsesjonssøknaden i haust. Då kan anlegget vere i gang frå neste sommar. Men no tømmer regiondirektør Vetvik kaldt vatn i blodet på kråkebolleýentusiastane.- Vi veit at sjukdom har stoppa eksport til Japan. Omfanget av sjukdomsbildet er ukjent, men det er lett å få sjukdommar ved store oppsamlingar av kråkebollar. Eit anna viktig poeng er at rogna frå kråkebollane skal seljast og etast rå. Det krev ein enorm kontroll for å kunne garantere kvaliteten. Eg er ikkje sikker på om vi vil ta på oss ei slik kontrolloppgåve, seier Vetvik. Sushi For det er nemleg rogna frå kråkebollane som skal brukast. Rogna vert brukt i den svært populære råfiskeretten sushi. Dette er ein matrett som først og fremst er utbreidd i Japan, men dei seinare åra har også resten av verda fått augene opp for rå fisk. Sushi-restaurantar sprett opp, nær sagt over alt. Forbruket av kråkebollerogn er på heile 100.000 tonn i året. På verdsbasis er rogn frå kråkebollar mangelvare, noko som også resulterer i svært høge prisar. På marknaden i Japan kan eit kilo kråkebollerogn gå for over 10.000 kroner kiloen! Norske leverandørar kan truleg rekne med å få kring 500 kroner.Firmaet som står bak kråkebolleprosjektet satsar på å investere kring ti millionar kroner i Gulen. Etter det Bergens Tidende kjenner til, har selskapet Scan Aqua også søkt konsesjon ei rekkje andre stader langs norskekysten. Fange ville kråkebollar Planen er å fange ville kråkebollar, for så å fôre dei opp. Dykkarar og lokale rusefiskarar skal fange dei ville kråkebollane. Ved anlegget i Gulen satsar Scan Aqua på å fange 240 tonn kråkebollar i året. Dette vil kunne gje ein årsproduksjon på mellom 30 og 40 tonn rogn.Arbeidsplassane kjem først og fremst i reinsking og pakking av rogn, ein prosess som er svært arbeidskrevjande. Men regiondirektøren signaliserer altså djup skepsis til eit kråkebolle-eventyr i Ytre Sogn.ý Det er slått fast at Norge skal ha ein streng matvarepolitikk. Ved eksport av råvarer som skal etast rå, er kontrollutfordringa så stor at eg ikkje veit om vi kan ta det på oss, seier Vetvik og minner om situasjonen for blåskjelnæringa: - I dag er situasjonen at vi brukar 20 prosent av vår kapasitet på blåskjelnæringa. Samstundes gjer giftproblema at det knapt vert omsett blåskjel. Vi kan ikkje gå inn i ein tilsvarande situasjon med andre typar oppdrett.