– Det er en glede å i dag ha utnemnt Pettersen til ny biskop i Stavanger. Hans erfaring både som misjonsprest, sokneprest og direktør i Kyrkjerådet gjer han til ein utvilsamt god biskop for Stavanger bispedøme. Pettersen har sjølv trekt fram misjon og trusopplæring som to av dei viktigaste sakene for Den norske kyrkja. Eg er sikker på at Pettersen kjem til å forvalte sitt embete på ein særs god og samvitsfull måte, seier kultur— og kyrkjeminister Trond Giske.

Sokneprest Erling Johan Pettersen er 59 år. Han tok teologisk embetseksamen i 1977, praktisk-teologisk eksamen i 1979 og vart ordinert i 1979. Frå 1977 til 1979 hadde han ei lærarstilling ved Universitetet i Oslo og var teologisk konsulent ved Diakonhjemmets Sosialskole. Frå 1979 var han konfirmasjonskonsulent i Kyrkjerådet. I 1985 vart han misjonsprest for Det Norske Misjonsselskap i Joinvill, Brasil, ei stilling han hadde til 1989.

Frå då og til 1996 var han instituttstyrer ved IKO, og dei neste 10 åra direktør i Kyrkjerådet. Frå 2006 til 2007 hadde han ei prosjektstilling ved Det praktisk- teologiske seminar, og frå 2007 har han vore sokneprest i Nordstrand meinigheit, Oslo.

Erling Johan Pettersen tek over som biskop etter Ernst Oddvar Baasland som er gitt avskil i nåde frå 15. juni 2009

Falch, Knut