Engebretsen «hoppar over gjerdet» og blir forhandlingsdirektør i Utdanningsgruppenes hovudorganisasjon (UHO).

— Vi er svært nøgde med å ha kapra Engebretsen. Vi ynskjer best mogeleg kompetanse og erfaring i denne stillinga, og Engebretsen har det til fulle, seier Anders Folkestad, leiar i UHO til Bergens Tidende.

Avgangen kom som lyn frå klår himmel og slo ned som ei bombe på statsrådens kontor.

— Statsråden er i sjokktilstand, seier Engebretsen sjølv til Bergens Tidende. Internt er overraskinga likevel ikkje så stor: Engebretsen er i Norman si tid som statsråd, blitt «vingeklypt» og har i det siste hatt eit langt meir avgrensa ansvarsområde enn tidlegare.

Tidlegare gjekk departementsråd Karin Moe Røisland frå borde som øvste embetsmann i departementet etter fleire konfrontasjonar med Norman. I vinter fylgde «moderniseringsgeneralen» Thorbjørn Overholt etter.

Engebretsen har bakgrunn som fagleg tillitsmann og var forhandlingssjef i Akademikernes Fellesorganisasjon, AF, då han for 12 år sidan vart henta inn til jobb som forhandlingssjef i staten. Då forgjengaren i stolen som personaldirektør, Aud Blankholm, hoppa av og gjekk tilbake til faglege tillitsverv, fekk Engebretsen opprykk.

Nå fylgjer Engebretsen same veg som Blankholm og blir forhandlingsmotpart for staten.

Statsråd Victor D. Norman seier seg svært lei for at Engebretsen sluttar. Han gjev uttrykk for at Engebretsen har vore ein framifrå forhandlingsleiar for staten og ein viktig støttespelar for den politiske leiinga. Norman seier vidare at han gjerne skulle ha hatt Engebretsen med seg på laget vidare.

— Avgangen din kjem kanskje likevel ikkje så overraskande sidan du er blitt vingeklypt av Norman?

— Det har eg ingen kommentarar til. Eg har fått den fridomen eg treng til å gjere den jobben eg vart sett til.

— Men ansvarsområdet ditt er blitt sterkt avgrensa?

— Den interne organiseringa har eg ingen kommentarar til. Engebretsen grunngjev jobbskiftet med at han har fått tilbod om ein jobb som er meir spennande enn den han har. Han får ansvaret for utdanningsgruppene sine forhandlingar med både staten, kommunane, Kommunenes Sentralforbund og Oslo kommune.