• Eg brukte persilledusken for å setja farge på maten til kvardags. Folk hadde gjerne kvit fisk, kvit tallerk, kvite potetar og kvit saus. Då gjorde ein liten persilledusk susen, seier Ingrid Espelid Hovig (90). I dag vart ho hylla i Regjeringas representasjonsbustad.

Og nettopp den vesle, grøne veksten fekk brei omtale då Espelid Hovig møtte pressa før den store festen, med kvite dukar og kosteleg mat på helseministerens si rekning.

Billeg og grøn

— Då eg starta i Fjernsynskjøkenet var det ikkje lett å få tak i alle dei grønsakene som vi kan velta oss i no for tida. Persillen var billeg, sunn og fargerik. Difor nytta eg den, ganske bevisst.

— Og det er me glade for i Randaberg, sa helseminister Bent Høie, som var vert for 90-årslaget.

— Randaberg er Norges største produsent av persille. Vi burde nok få opp ein statue av Ingrid Espelid på torget, som takk for hennar innsats for persilledusken, smilte statsråden i skjegget.

Vestlandet med seg

Bergens Tidende spurde henne kva oppveksten på Askøy, og den kosten ho fekk der, har betydd for hennar virke som matguru for heile folket.

— Det er klart det du har med deg frå barndommen ber du på heile livet. Maten vår var enkel, men sunn. Vi laga den av dei råvarene vi fekk tak i på Askøy i åra før krigen. Eg er stril, veit du. Men når det er sagt, har eg alltid vore open for nye idear og nye smakar. Eg følgjer med glede Wenche i TV 2, og Jamie Oliver reknar eg som eit barnebarn.

- Og kva synest jubilanten om dagens trend med lågkarbo-diettar og Fedon-kurar?

— Fedon er ein god ven. Men for meg er likevel poteten dagens trøyst, og eg må alltid ha ein skive brød om morgonen. Før trong vi meir energi, arbeidsfolk åt gjerne eit halvt brød og 6- 8 potetar til kvart måltid. No sit vi oss gjennom livet, og treng mindre energi.

Fint selskap

Det var altså Helse -og omsorgsdepartementet som hadde stelt i stand 90-årslaget til Ingrid Espelid Hovig, i dei lokala som elles er reservert for politiske leiarar og storfolk frå inn- og utland.

Men i dag var borda kringsett av Ingrids næraste krins, familie, kollegaer, forlagsfolk, og med statsråd Bent Høie som vert.

Han takka henne for ei verdfull innsats for folkehelsa gjennom eit langt liv. Også andra talarar trakk fram hennar virke som folkeopplysar for den sunne maten.

FEST: Helse -og omsorgsdepartementet hadde stelt i stand 90-årslaget til Ingrid Espelid Hovig.
SCANPIX