Alle dei seks partia understrekar at forliket sat langt inne. Dei er likevel glade for å ha kome fram til ei løysing som alle partia så nær som Frp kan stille seg bak.

Dei understrekar at det var behovet for å få til ei varig ordning som til slutt vart avgjerande.

Avtalen

Avtalen omfattar rett til pensjonsopptening for omsorgsarbeid, gjeninnføring av skattefrådrag for individuell pensjonssparing og heving av taket for opptening av pensjons frå 7 til 7,1 G (grunnbeløpet i folketrygda, i dag 62.892 kroner).

Det inneber at all inntekt over 446.533 kroner ikkje gjev noka utteljing i folketrygda.

Opposisjonen har gjennom ein protokollmerknad sikra seg rett til å heve skattefrådraget for pensjonstrygding frå 15.000 til 40.000 kroner årleg. Det kan skje etter neste stortingsval om valresultatet tilseier det.

Avtalen inkluderer også rett til å gå av med alderspensjon frå folketrygda etter fylte 62 år. Systemet skal stimulere til å stå i arbeid ved oppteninga av pensjon. Alle som har vore i arbeid i ein del av livet, vil få pensjon ut over minstepensjon.

Arbeids— og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen uttalar at avtalen vil sikre eit sosialt og bærekraftig pensjonssystem for framtida.

Det var striden om opparbeiding av pensjonspoeng under utdanning som nær hadde ført til brot.

- Ikkje til å rikke

— Regjeringa var ikkje til å rikke. Regjeringspartia gjekk sterkt imot å innføre pensjonsopptening under utdanning for dei med lengst utdanning. Vi meiner det er djupt urettferdig at dei langtidsutdanna ikkje får ei opptening, seier Venstre-leiar Lars Sponheim til Bergens Tidende.

Både Sponheim, Høgre-leiar Erna Solberg og KrF-leiar Dagfinn Høybråten gjev uttrykk for at dei er misnøgde

Dei tre opposisjonspartia var viljuge til å avstå frå kravet om å heve taket for pensjonsopptening frå 7 til 7,1 G. Motstykket ville vere å innføre ei ordning som gav pensjonsopptening for dei langtidsutdanna. Men dette vart blankt avvist av regjeringspartia.

— Dette er eit utdanningsfiendtleg pensjonsforlik, seier leiaren i Unio, Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna, Anders Folkestad, i ein kommentar.

- Beinharde forhandlingar

KrF-leiar Dagfinn Høybråten seier til Bergens Tidende at det har vore beinharde forhandlingar der dei tre tidlegare regjeringspartia har stått støtt saman.

— Vi hadde også gjeve regjeringspartia klar beskjed før eit einaste tilbod kom på bordet, at dei berre kunne gløyme å prøve å splitte oss, seier Høybråten.

Høgre-leiar Erna Solberg legg for sin del større vekt på det partiet er misnøgd med enn at ein blitt samde om eit forlik. Ho framhevar behovet for ro og tryggleik for eit framtidig pensjonssystem som avgjerande for at det nå kom til forlik.

Opposisjonspartia er overraska over at ikkje SV, med sin tilslutnad mellom dei langtidsutdanna, har villa støtte kravet om pensjonsopptening under utdanning.

— Så langt eg har møtt regjeringspartia i forhandlingar har SV ikkje vist noka forståing for dette kravet. Partiet har tvert imot argumentert sterkt imot ei slik løysing, seier Sponheim.

Aas, Erlend