Norsk Pensjonistforbund har erklært hjelpeintervensjon i den såkalla knekkpunkt-saka, til støtte for statspensjonistane.

Staten anka i fjor haust dommen etter å ha lide eit sviande nederlag i Oslo tingrett. Staten anka saka direkte til Høgsterett som nå har sett av tre dagar til behandlinga.

— Klart urettferdig

Bakgrunnen for saka var at Stortinget etter framlegg frå Stoltenberg I-regjeringa i 2000 vedtok ei endring i pensjonsvilkåra for statspensjonistane. Det førde til at dei som var pensjonert før 1. mai 2000, vart langt dårlegare stilt enn dei som vart pensjonert frå 1. mai av.

— Det som skjedde då var klart urimeleg og urettferdig. Norsk Pensjonistforbund reagerte straks dette skjedde i 2000. Sidan kom private aktørar på banen, og Pensjonistforbundet trådte tilbake. Ei gruppe av pensjonistane som vart råka stemna staten og vann fram i tingretten. Men etter at staten anka dommen melde vi oss på banen igjen for å gje ekstra tygde slik at dei har ein stor organisasjon i ryggen når saka nå kjem opp for Høgsterett, seier Harald Norman til Bergens Tidende. Han er generalsekretær i Norsk Pensjonistforbund.

Glad pensjonsopprørar

— Vi meiner det er eit grunnleggjande prinsipp at alle har krav på lik behandling, seier Norman.

Professor Dagfinn Aarskog frå Bergen som er leiar for statspensjonistane som i fjor vann over staten, seier til Bergens Tidende at han og grupperinga hans er svært glade for at Pensjonistforbundet nå har kasta seg inn i saka.

Endra argumentasjon

Staten, nå representert ved fornyingsminister Heidi Grande Røys, har operert med skiftande argumentasjon når det gjeld kvifor staten har anka dommen.

I intervju med Bergens Tidende 26. november i fjor argumenterte statsråden med at dommen frå tingretten ville koste staten milliardbeløp i erstatning og etterbetaling.

I eit svar på eit skriftleg spørsmål frå Frp-formann Carl I. Hagen i januar i år uttalar statsråden at det ikkje er økonomiske grunnar for at staten ankar. Derimot uttalar ho at departementet meiner dommen er i strid med Stortinget sine føresetnadar ved lovgjevinga som vart endra frå 1. mai 2000.