VIDAR YSTAD

På utanlandsreiser åleine bruker det norske forsvaret 157 millionar kroner. Danskane greier seg med 50.

Dette går fram av den tidlegare hemmelegstempla rapporten som samanliknar pengebruken i det danske og det norske forsvaret. Rapporten vart frigjeven i går, etter visse sladdingar.

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold fortalde i forsvarskomiteen i går at det aldri hadde vore meininga å hemmeleghalde rapporten og at det stod på danskane at rapporten ikkje vart frigjeven før.

18 får ikkje reise til Spania

Forsvarssjef Sverre Diesen vedgjekk under ei open høyring i forsvarskomiteen på Stortinget i går, at reiseverksemda i Forsvaret har vore for omfattande.

Av den grunn har han bestemt at berre 10 personar, ikkje 28 som planlagd, får reise til Spania for å vere med på dåpsseremonien for ein av dei nye fregattane som er under bygging i Spania.

— 10 er det minste talet vi kan sende utan å fornærme vertskapet, forklarte Diesen.

Høyringa handla om milliardoverskridinga på forsvarsbudsjettet i 2004 og den manglande økonomistyringa.

Dramatisk

Før høyringa tok til var det amper stemning i komiteen. Det var sterk misnøye med at komiteen ikkje hadde motteke svar frå forsvarsminister Kristin Krohn Devold på 44 spørsmål komiteen hadde oversendt 9. mai. SV, Sp og Frp var stemt for å utsetje høyringa med forsvarsministeren av di dei meinte saksbehandlinga var uforsvarleg.

Men Ap sin fraksjonsleiar og leiar i komiteen, Marit Nybakk, gjekk saman med regjeringspartia imot å utsetje høyringa. Svara kom på bordet ein halv time før høyringa starta.

Frisvold ansvarleg

Under høyringa kom det fram at den nyleg avgåtte forsvarssjefen, Sigurd Frisvold, sjølv var ansvarleg for minst 50 millionar kroner av det meirforbruket som Hæren tidlegare er gjort ansvarleg for. Budsjettsprekken for Hæren er blitt redusert frå 425 til 333 millionar kroner

Den tidlegare sjefen for Hæren, Lars J. Sølvberg, fekk sparken straks overforbruket vart kjent i januar. Det same gjorde sjefen for Forsvarets Logistikkorganisasjon, FLO, Erik Hærnes.

Fleire talsmenn for opposisjonen på Stortinget gjev overfor Bergens Tidende uttrykk for at det var urettmessig og utidig å sparke Sølvberg.

Stortingspolitikarane har funne mykje interessant i rapporten som dei fekk tilgang til fredag på låst komiterom i Stortinget.

— Ein del av pengebruken er ufatteleg. Det er for mange godt betalte offiserar i Noreg, seier Per Ove Width, Frp, til BT.

Meir for pengane

Som Bergens Tidende kunne fortelje fredag, er ein hovudkonklusjon i rapporten at danskane får meir forsvar igjen for kvar krone som bli investert.

I 2002 var det norske forsvarsbudsjettet på 31,7 milliardar, det danske på 21,9 milliardar. I perioden 1996 til 2003 brukte det norske forsvaret 34 milliardar kroner meir på investeringar enn danskane. Noreg brukte 20 milliardar kroner meir på drift enn danskane i denne åtteårsperioden.

Rapporten avdekker også at det har skjedd ein formidabel auke i lønskostnader pr. årsverk i perioden 1996-2003. I Danmark var det ein vekst på 14 prosent medan det i Noreg var ein vekst på heile 32 prosent.