Bakgrunnen for etableringa av ei avdeling i Alfaz del Pi på spanskekysten, er at det kryr av langtidsbuande nordmenn og svenskar. Oppdragsmengdene strøymer på hos callingselskapet Stord Dialog, men det gjer ikkje arbeidskrafta.

Signal om eit norsk telefonsalforbod er ikkje årsak til at Pedersen ser til utlandet.

— Eit slikt forbod vil setja titusenvis av arbeidsplassar i fare, og er inga enkel problemstilling. Vil det også medføra at bedrifter som Bergens Tidende ikkje får lov til å ringja opp eigne kundar? undrar Jan Kåre Pedersen (49), som har brukt store delar av fallskjermen han fekk etter avgangen som toppsjef i Bravida i 2003 til å investera lokalt på Stord, Kvinnherad og Etne.

Vurderer Bergen

Stord Dialog, som har nærmare 200 tilsette i callingsentera på Leirvik, i Rosendal og Etne, kom ut med eit resultat på 1,2 millionar kroner etter skatt i 2005, det året Jan Kåre Pedersen overtok heile selskapet. I tillegg eig han 25 prosent i subseaselskapet Advantec AS og 35 prosent i distribusjon- og reklameselskapet Ibox AS, han er styreleiar for begge to, dessutan for elektrobedrifta Asator AS.

— Eg har lange, men bra arbeidsdagar. Tidene er gode, ting går lettare enn før. Men vi slit med å skaffa nok folk på dei mindre stadene vi er etablert, og må seia nei til oppdrag. Vi vurderer etablering i Bergen og overtaking av eit anna norsk callingselskap, seier Jan Kåre Pedersen til Bergens Tidende.

20 i Spania

Pedersen og Stord Dialog har som mål å starta opp avdelinga i Spania i september, men trur det kan halda hardt. Norskspråkleg datautstyr er sendt sørover, i starten er det tale om 20 arbeidsplassar på Costa Blanca.