Nye forskingsresultat både frå Canada og Bergen peikar mot same tendens: Barn, både ufødde og fødde, og kvinner er langt meir sårbare for passiv røyking enn forskarane har trudd.

  • Er du kvinne, ikkje-røykjar og bur saman med ein røykjar, aukar risikoen for lungekreft med 21 prosent.
  • Er du kvinne og ikkje-røykjar, men vart utsett for passiv røyking i barndomsheimen og seinare bur saman med ein røykjar, aukar kreftfaren med 63 prosent

Dette viser ein kreftstudie frå Canada, som nyleg vart publisert i International Journal of Cancer.

Større risiko

Professor i sosialmedisin i Bergen, Kjell Haug, seier til BT at Norge og Canada er ganske like når det gjeld haldningar til tobakk, og at det i begge land er vanleg å ta ein del omsyn til ikkje-røykjarane.

— Men sjølv om ein del foreldre tek omsyn og går ut når dei skal røykje, viser denne studien likevel at risikoen for at jenter utviklar lungekreft i vaksen alder er betydeleg større, seier Haug.

Ifølgje Statens tobakksråd veks kring 30 prosent av alle norske barn opp med ein eller to foreldre som røykjer dagleg. Halvparten av desse barna blir utsette for passiv røyking.

Fødselsvekt redusert

Funn i den store, norske Mor & Barn-undersøkelsen viser dessutan at passiv røyking påverkar fødselsvekta til nyfødde.

Gjennomsnittleg fødselsvekt i Norge i dag er 3650 gram. Forskarar ved Universitetet i Bergen har funne følgjande fakta om røyking og fødselsvekt i forhold der mor bur saman med partnaren.

  • Dersom mor røykjer, men ikkje partnaren, blir fødselsvekta redusert med 200 gram
  • Dersom begge røykjer, synk fødselsvekta med 350 gram.
  • Dersom mor er ikkje-røykar, mens partnaren røykjer, er effekten derimot ubetydeleg

— 200-300 gram høyrest kanskje ikkje mykje ut, men det er faktisk ein ganske stor forskjell, seier Haug til BT.

— Røyking er den viktigaste årsaka til redusert fødselsvekt i Norge. Når fødselsvekta går ned, aukar risikoen for komplikasjonar.

To røykjer oftare innandørs

At eit barn med to røykjande foreldre er meir utsett for passiv røyking, både i svangerskap og oppvekst, kan ha følgjande forklaring: - Når begge røykjer, skjer dette i større grad innandørs, seier Haug.

— Kva er konsekvensane av at barn blir passive røykjarar?

— På kort sikt er dei meir utsette for bronkitt, lungebetennelse, astma og øyrebetennelse. På lang sikt er det større risiko for at både jentebarn og gutebarn utviklar lungekreft når dei blir vaksne, svarar Haug.

PASSER PÅ: Birgitte Cooksey tillater til nød venninnene sine å ta en røyk i friluft når Liam er i nærheten. Riktig vindretning er medvirkende årsak til at Inger Lise Størksen fikk røyketillatelse på Torgallmenningen i går.<br/>Foto: VEGARD VALDE