— For flyplasskommunane og heile Sogn og Fjordane er utfallet av anbodsrunden om kortbanenettet eit smerteleg tap. I ettertid er det lett å sjå at det var ei ulukke at rutenettet på Sogn og Fjordane vart splitta opp i anbodsprosessen. At vi som ein konsekvens misser det interne sambandet mellom flyplassane i fylket, er også eit stort tap, seier Kjelstad. Han er ordførar i Gaular, vertskommunen for Førde Lufthamn. Til 1. april har Widerøes all trafikk på kortbanenettet i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Men etter denne datoen tek Coast Air over i Florø, der Widerøes har hatt sin hovudbase på Vestlandet med kring 100 tilsette. Widerøe legg no ned heile basen, og flyttar så godt som samtlege stillingar ut av fylket. - Brått står heile fylket tilbake ribba for flyoperativt og flyteknisk miljø, konstaterer Gaular-ordføraren, og etterlyser eit fylkeskommunalt engasjement for å berge arbeidsplassane. - Eg har reagert på at fylkeskommunen har vore svært passive. Eg hadde venta eit sterkare engasjement frå dei i ei sak som gjeld heile fylket. Kanskje er grunnen til den labre interessa at det var snakk om arbeidsplassar til Førde-regionen. Det fell ofte ikkje i så god jord i Sogn og Fjordane, seier Kjelstad.