VIDAR YSTAD

Han vil nå ta saka opp med partane i arbeidslivet.

Høybråten lova i Stortinget i går at han skal ta problemet opp på første møte i arbeidslivspolitisk råd der partane i arbeidslivet er representert.

Høybråten svara på spørsmål frå stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) Hordaland. Ho viste til at fagrørsla er i opprør mot framlegget til nytt tenestedirektiv i EU. Det vil opne for meir bruk av billeg utanlansk arbeidskraft, som arbeider på langt dårlegare vilkår enn norsk arbeidskraft, og til erstatning for norsk arbeidskraft. Det er frykt for at det vil sette norske løns— og arbeidsvilkår under sterkt press.

Valle viste også til konflikten ved Profish på Sotra som har hyra inn litauiske arbeidarar til å gjere jobben, for å spare pengar. Saka har vore utførleg omtala i Bergens Tidende.

Høybråten slo fast at han ynskjer å verne om dei høge standardane for helse, miljø og tryggleik i norsk arbeidsliv. Han gjorde det også klart at han ynskjer å motstå tendensar til sosial dumping.

Høybråten opplyste vidare at han saman med kollegaer i dei andre nordiske landa ynskjer å klargjere og påverke utforminga av det tenestedirektivet som er under arbeid i EU.