Ifølgje Statistisk sentralbyrå var 22 prosent av dei ikkje-vestlege innvandrarane i Noreg under regjeringas eigen fattigdomsgrense ved siste måling.

Til samanlikning var «berre» fire prosent av åleineforsørgjarane under den same fattigdomsgrensa.

Regjeringa følgjer her, som Bondevik-regjeringa, målemetoden frå OECD (50 prosent av medianinntekt i tre samanhengande år, frå 2001 til 2003).

I samband med statsbudsjettet legg regjeringa i haust fram ein handlingsplan for inkludering av innvandrarbefolkninga.

I eit intervju med BT laurdag varsla arbeids— og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen at det her vil kome tiltak for å hjelpe fleire innvandrarar inn i arbeidslivet og ut av fattigdomsfella.