Det skjer etter at riksadvokaten også har underkjent dei juridiske vurderingane som PST bygde siktinga mot mulla Krekar på.

Den offisielle grunngjevinga frå riksadvokaten for overflytting av etterforskingsansvaret, er at det nå er behov for etterforsking av økonomiske forhold på grunn av vedtak i FN sin sanksjonskomite. Mulla Krekar sin organisasjon har hamna på ei liste frå sanksjonskomiteen.

Denne grunngjevinga skal «sukre pilla» for PST som via den nytilsette pressetalsmannen sin i går uttala til VG at PST ikkje såg grunn til å endre PST si pågåande etterforsking på grunnlag av riksadvokaten si avgjerd.

PST hadde sikta Krekar for brot på paragraf 104 a i straffelova.

PST var her på klar kollisjonskurs med førstestatsadvokaten i Oslo, Lasse Qvigstad, som var heilt klar på at paragrafen ikkje var brukbar for eit tilfelle som dette.

Han meinte at paragrafen berre råkar handlingar som er retta mot «Norges statsforfatning og statsoverhode».

Det same gav strafferettsprofessor Erling Johannes Husabø, ved Universitetet i Bergen, uttrykk for til Bergens Tidende i januar.

PST klaga til riksadvokaten på avgjerda frå Qvigstad. Etter lang tids behandling har riksadvokaten kome til same konklusjon som Qvigstad, Husabø og andre skarpskodde juristar.

Bergens Tidende er kjent med at PST i mellomtida har kome med innspel til riksadvokaten om at ein er samd i dei juridiske vurderingane Qvigstad har presentert.

På toppen av dette juridiske surret, har den ansvarlege for PST si etterforsking i Krekar-saka, politiadvokat Unni Fries, snubla i jussen på ein slik måte at ho nå er under etterforsking av SEFO, Det særskilde etterforskingsorganet for politisaker.