• Heilt forkasteleg, seier tidlegare overvakingssjef Jostein Erstad romavlyttinga av Arne Treholt sin bustad i Oslo.

Erstad seier til BT at han ikkje hadde nokon kjennskap til at bustaden til Treholt vart avlytta og jamvel overvaka med kamera, medan det pågjekk.

At Treholt vart romavlytta kom ikkje fram under rettssaka i 1985. Heller ikkje Lund-kommisjonen, som i 1994-1996 granska dei hemmelege tenestene, ser ut til å ha oppdaga at Treholt vart romavlytta.

Romavlyttinga

Opplysningar om avlyttinga kom først fram i historieverket «Den hemmelige krigen. Overvåking i Norge 1914-1997». Verket kom ut i 1998, forfatta av historikarane Trond Bergh og Knut Einar Eriksen. Opplysninga vekte inga merksemd då bokverket kom ut.

Det framgår av bokverket at Ørnulf Tofte, Jostein Erstad og Iver Frigaard var kjelder for opplysningane om romavlyttinga av Treholt. Alle tre arbeidde med saka medan dei var tilsette i Overvakingssentralen.

Romavlytting var den gongen ulovleg. Ifølgje Bergh og Eriksen hadde POT-kjeldene argumentert med «naudrett» som grunnlag for å nytte romavlytting.

Naudrett inneber at ein utan risiko for straff tok i bruk metodar som elles var ulovlege. Kven som definerte eller avgjorde kva som skulle til for å legitimere «naudrett», er det ingen opplysningar om.

— Orientert i etterkant

Erstad var overvakingssjef frå 1982 til han gjekk av med pensjon i 1990. Treholt vart arrestert i januar 1984.

Erstad fortel no at han ikkje fekk kjennskap til romavlyttinga før etter at denne var avslutta, truleg først etter arrestasjonen.

— Dette var eit så inngripande tiltak at eg ville ha sagt nei til å gjennomføre det utan å ha fått godkjenning frå retten. Det låg ikkje føre, så dette var heilt forkasteleg.

- Når og korleis fekk du kjennskap til denne avlyttinga?

— Ørnulf Tofte orienterte meg. Det var han som dreiv med dette.

- Fekk du vite om holet som var bora frå nabobustaden som låg i etasjen skrått over Treholt sin bustad?

— Ja. Eg fekk vite at dei hadde hatt hjelp utanfrå til å bore, og at holet var der framleis.

Erstad seier at han ikkje kan minnast at han vart orientert om at det var montert eit kamera i enden av holet slik at det var mogeleg å overvake aktiviteten i bustaden. Han legg til at dette er ein så spesiell opplysning at han burde ha hugsa det, om han vart informert.

— «Villhestar» i POT

- Då du forklarte deg under den opne høyringa i kontrollkomiteen på Stortinget om Lund-kommisjonen sin rapport om dei hemmelege tenestene, sa du at du hadde «villhestar i POT». Hugsar du det?

— Det hugsar eg godt. Det står eg framleis ved. Det var slik det var, på fleire område. Det var trist at det skulle vere slik. Om det var manglande respekt for sjefen eller kva det kom av, veit ikkje eg. Men det skjedde fleire gongar at dei gjekk sine eigne vegar med saker dei skulle ha lagt fram for meg. Fleire hadde ikkje sans for juridiske spelereglar, seier Erstad.

Bergens Tidende har også freista å få Ørnulf Tofte i tale om romavlyttinga av Treholt.

Men Tofte svarar kort:

  • Eg skal forhalde meg til dei to kommisjonane som nå skal undersøkje saka. Eg ønskjer ikkje å kommentere denne saka offentleg. Du får ha ein god dag.
  • Eg ville aldri ha akseptert romavlytting av Arne Treholt sin bustad utan godkjenning frå retten. Eg kjende ikkje til romavlyttinga før etter at avlyttinga var avslutta og meiner det som skjedde var heilt forkasteleg, seier tidlegare overvakingssjef Jostein Erstad.