Det er Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet, som har behandla saka. Det har skjedd på grunnlag av klager frå journalist Stein Viksveen, frå Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Adresseavisen og Norsk Redaktørforening.

— Vi har følgt Viksveen-saka frå starten. Det har vore ei viktig sak for oss. Den går til kjerneområdet for kontrollarbeidet vårt - om det blir øvd urett mot einskildpersonar, seier leiaren i EOS-utvalet, ambassadør Leif Mevik, til Bergens Tidende. Han vil elles ikkje kommentere innhaldet i rapporten.

Kjeldevernet

Alle klagarane har vore særleg opptekne av kjeldevernet og konsekvensane av den ransakinga og beslaget som vart gjennomførd i korrespondentkontoret i Brussel.

POT, som nå har skifta namn til PST, får kritikk for ikkje å ha varsla redaktøren eller den administrative leiinga i avisa om at det var gjennomførd ransaking og beslag. POT får derimot ikkje kritikk for ikkje å ha varsla redaktøren på førehand, før ransakinga.

Urette opplysningar

POT får også kritikk for å ha gjeve urette opplysningar til domstolen om tilgangen til beslaget. Til dei forklaringar POT har gjeve om dette forholdet, har EOS-utvalet dette å seie:

«Dette vitner i så fall om en alvorlig svikt ved den interne kommunikasjonen mellom etterforskerne og påtaleleddet i PST.»

Utvalet slår også ned på at POT tok kopiar av beslaget og begynte å gjennomgå dei.

Kopieringa

Den alvorlegaste innvendinga frå utvalet mot POT si behandling av beslaget er at POT i så lang tid let vere å informere Viksveen sin forsvarar og forhøyrsretten om at ein sat på kopiar.

Grunnlaget for kritikken blir forsterka ved at det var POT sjølv som bad om å få utlevert kopiar av beslaget frå belgisk politi, samstundes som ein fortalde til partane og retten at ein ikkje hadde motteke materialet.

Utvalet rettar også klar kritikk for at ransakinga innbar ei krenking av kjeldevernet.

Dramatisk skritt

Utvalet meiner det var eit dramatisk skritt å avbryte foreldingsfristen ved å ransake eit korrespondentkontor. Når ein bestemte seg for å gå fram på denne måten, burde ein ha vurdert spørsmålet om kjeldevern og det særlege vernet for redaksjonslokale på ein skikkeleg måte på førehand, seier utvalet.

Utvalet ser også svært alvorleg på det ein omtalar som alvorlege lekkasjar frå etterforskinga til media, til ulempe for Viksveen.

EOS-utvalet har stilt fleire spørsmål til POT om desse forholda og «registrerer at PST har svart meget kortfattet på spørsmålene», heiter det i rapporten.

I konflikt med Qvigstad

Dokument som Bergens Tidende har tilgang til, viser at førstestatsadvokat Lasse Qvigstad har freista å influere på arbeidet i kontrollutvalet.

I to brev til EOS-utvalet har Qvigstad funne grunn til å fortelje utvalet at dei ikkje har kompetanse til å vurdere overordna påtalemakt sine handlingar.

Kontrollutvalet vurderer nå å be om eit møte med Riksadvokaten for å få meir orden på forholdet mellom POT og overordna påtalemakt.

Qvigstad vil ikkje kommentere kritikken frå EOS-utvalet. Til Bergens Tidende seier han:

— Eg tek synspunkta frå utvalet til etterretning.

HARD KRITIKK: Overvakingstenesta under leiing av Per Sefland, må tole knallhard kritikk for handteringa av Viksveen-saka frå Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene.
ARKIVFOTO: ROBERT BRÅTHEN