Dette framgår av nye opplysningar Titlestad, som er frå Bergen, har fått frå arkivet til overvakingspolitiet.— Det er ingen sensasjon at eg vart overvaka fram til 1970, med bakgrunnen min, når ein kjenner resultatet av Lund-kommisjonen sitt arbeid, sjølv om dei starta då eg var ni år, seier Titlestad til Bergens Tidende.- Opprørande- Men at dei tydelegvis har dreve på i åra etter 1990, det er opprørande, legg han til.- Eg har også levd i den tru at det var politisk aktivitet som var av interesse for POT. Men det er det tydelegvis ikkje. For min del gjeld det berre forhold til Russland.Nå vil han be om at Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet, granskar saka.Leiaren for EOS-utvalet, ambassadør Leif Mevik, seier til Bergens Tidende at utvalet sjølvsagt vil sjå på saka med interesse om Titlestad fremjar ein klage.- Eg vil også ha ei grunngjeving frå POT for kvifor dei har dreve denne verksemda. Og eg ventar meg ein vandelsattest. Det er mange spørsmål som no melder seg for meg og som krev svar: har dei brukt folk i nærmiljøet mitt for å halde meg under oppsikt? Er folk blitt skeptiske til meg? Og har det råka meg i arbeidet mitt?Titlestad som er professor i historie ved Høgskulen i Stavanger, bad om utvida «mappeinnsyn» etter at han fekk delvis innsyn i mars i år. Det var då han fekk kjennskap til at han hadde vore registrert alt som niåring. Klagenemnda for innsynsutvalet har no gjeve han kopi av ni datablad som inneheld registereringar gjort av POT i åra 1990-95. Opplysningane om det utvida innsynet vart kjent gjennom Stavanger Aftenblad i går.Alle dokumenta var stempla hemmeleg. Her framgår det også at fleire dokument er makulerte. Det er indikasjonar på at opplysningar i dokumenta er sladda.Titlestad opplyser til Bergens Tidende at han, samstundes med at registreringane på 90-talet skjedde, sjølv fekk innsyn i gardert materiale i POT-arkivet. Det galdt arbeidet med doktoravhandlinga hans om Peder Furubotn. Men ikkje nok med det: Titlestad vart i 1992 hyra inn av POT til å halde foredrag om Russland. Arrangementet skjedde i regi av landsdelspolitikammeret i Kristiansand. Og ved middagen etterpå hadde han politimeister Carl Mentz Rynning-Tønnessen til bords. I 1994 var han også engasjert som foredragshaldar for etterretningstenesta.Titlestad er son av Samuel og Olaug Titlestad som i mange år hadde eit nært forhold til den legendariske, tidlegare kommunistleiaren Peder Furubotn.Titlestad opplyser at han har vurdert å fremje erstatningskrav mot staten. Han har også vore i kontakt med advokat for å vurdere å fremje krav som er høgare enn dei 100.000 kronene Stortinget har sett som tak for erstatningsutbetalingar.- Men å fremje eit slikt erstatningskrav gjennom advokat, har eg avskreve. Det blir altfor dyrt. Det burde ha vore råd å få offentleg støtte ý fri sakførsel ý til ei slik spesiell sak. Det burde vere ei æressak for Stortinget, seier Titlestad.Materialet som Titlestad no har fått tilgang til, viser at POT har fylgt nøye med i reiser han har gjort til Russland og besøk han har hatt frå Russland. Det gjeld dels forelesarar på høgskulen, dels engasjement han har hatt i Cornelius Cruys-stiftinga i Stavanger. I spissen for denne stiftinga har tidlegare statsråd og fylkesordførar Arne Rettedal stått.Titlestad meiner han har vore overvaka og avlytta heilt fram til i dag. I fjor melde han til politiet ei sak som gjeld mistanke om telefonavlytting. Saka vart lagt vekk av politiet etter kort tid. Men Titlestad har nyleg fått opplysningar om at det finst dokumentasjon i saka som han kan få tilgang til. Det vil han nå be om.