Den tidlegare offiseren, som vart dekorert for innsatsen sin under krigen, har nyleg fått innsyn i «mappa si». Der har overvakingspolitiet gjennom fleire ti-år samla opplysningar om og ikkje minst avisartiklar Blindheim har skreve.

«Upåliteleg major»

I ei datautskrift som inneheld eit samandrag av overvakingspolitiets sine kartleggingar og vurderingar av Blindheim heiter det:

«Norsk offiser, upålitelig major. Motstandsmann under krigen, gjorde operasjoner for FO/E i utlandet etter krigen. Ble NATO-motstander, var bl.a. nestleder i «Norge ut av NATO». Han ble tiltalt for offentliggjøring av S-graderte opplysninger.»

Denne innføringa er ikkje datert, men ettersom POT gjekk over til dataregistreringar så seint som i 1989/90, må innføringa vere gjort etter den tid, får Bergens Tidende opplyst i Innynsutvalet. Blindheim var då langt over pensjonsalderen. Han fyller 88 år i neste månad.

Dette er den siste vurderinga POT har gjort av Blindheim, og den sto ved lag då Innsynsutvalet tok utskrift frå dataregisteret i POT så seint som 21. oktober 2003. På grunn av regelverket, har han ikkje fått vite kva som finst av registreringar etter 25. november 1977.

«Rasande»

— Det første som slo meg då eg tok til å bla i mappa mi, var at ordet ikkje er fritt her i landet når dei klypper artiklar eg har hatt på trykk i pressa. Det er nedslåande å registrere at ein blir registrert på eit slikt grunnlag.

Dernest vart eg sint då eg oppdaga at dei hadde laga ei liste med namn på personar som eg skal ha møtt, som eg ikkje veit nokon ting om, men som for meg ser ut til å vere russiske namn. Det gjorde meg rasande.

Når eg så registrerer at dei karakteriserer meg som «upåliteleg major», må bakgrunnen for det vere eit forsøk på å stemple meg på grunnlag av meiningane mine om atomvåpen og NATO. Ein skal ha «A-4-meiningar». Går du ut over det, er du ferdig.

For meg er dette berre trist. Sjølv kjempa eg og mange med meg under krigen for fridom og eit ope land, for demokrati. Men så opplever du at det ikkje skal vere lov å gå i utakt, seier Blindheim.

«Kommunistisk»

Den første registreringa Blindheim har fått innsyn i, er gjort i 1960. Det er Asker og Bærum politikammer som i eit hemmelegstempla brev skriv til overvakingssjef Asbjørn Bryhn og varslar om eit protestmøte som skal haldast i Sandvika. Møtet gjeld protest mot atomvåpen på norsk jord. «Det er neppe tvilsomt at aksjonen er et kommunistisk foretagende» heiter det i brevet som truleg er forfatta av politimeisteren i Asker og Bærum. I brevet er det opplyst at major Svein Blindheim skal ha hovudinnlegg på møtet. Det blir opplyst at Blindheim er ukjent for registrering i Bærum, men han er «form. kjent hos Dem», skriv forfattaren. Han reknar altså med at Blindheim er registrert frå før i POT.

Atomvåpen og spionasje

Ein gjennomgang av mappa gjev interessante opplysningar og perspektiv. Den første delen handlar om atomvåpen frå 1960 av. Den andre om avsløringane av dei hemmeleghaldne norske spionasjetokta mot Sovjet via Finland på 1950-talet. Den tredje delen gjeld overlegningane om straffeforfylging mot Blindheim for å ha fortald om spionasjetokta.

Blindheim sitt engasjement mot bruk av atomvåpen i det norske forsvaret vart uglesett.

Blindheim hadde tidleg på 1960-talet fortalt at norske millitære trena i bruk av atomvåpen.

I mappa ligg eit notat frå forsvaret på bakgrunn av ein artikkel Blindheim hadde i Dagbladet 7. september 1963 med tittelen «Atomvåpen BLE brukt».

Det var også dette engasjementet som førde til at forsvarsminister Gudmund Harlem, far til Gro Harlem Brundtland, pressa Blindheim ut at forsvaret.

«Psykologisert»

For det andre viser dokumenta at Blindheim vart forsøkt «psykologisert» og «sjukeleggjort» etter at han i 1977 fortalde om norske spionasjetokt mot Sovjet frå finsk jord og med finske agentar i 1953.

«Hvis det er riktig at det engang i 50-årene er skjedd en forandring i Blindheims vesen og innstilling, kan kanskje en av grunnene være sykdom. ... Jeg mener å viite at B. var en av de offiserer som ble syke under tjeneste i Midtøsten (Gaza) .... av en sykdom som ytret seg ved hodeplager. Dette synspunkt kan kanskje ha en viss forklarende interesse.», skriv oberstløytnant Anton Olstad i juli 1977 til Forsvarsstaben.

Oberstløytnanten tilrår at ein lege eller psykiatar får gjennomgå tv-intervjuet som var sendt med Blindheim i juli 1977.

Han lurar også på om intervjuet med Blindheim er ledd i ein plan som går ut på å kompromittere Forsvaret, spesielt etterretningstenesta.

— Dette er reint oppspinn. Eg vart for det første ikkje sjuk i Gaza, og det eg fortalde om operasjonane frå Finland hadde ingenting med planar om å kompromittere forsvaret å gjere, seier Blindheim i dag.

Ville straffe Blindheim

Månaden etter, i august 1977, er generalmajor Bjørn Egge ute med sterke og klare råd til kriminalpolitiet i Oslo. Han går sterkt inn for at Blindheim blir tiltala etter den militære straffelova, § 69, for brot på teieplikta, ved å ha røpa militære løyndomar. Derimot går han sterkt imot å straffeforfylge Blindheim for brot på § 90 i straffelova, den såkalla spionparagrafen, for same forhold, slik etterforskingsordren frå riksadvokaten gjekk ut på. Forsvarsminister Rolf Hansen hadde også meld Blindheim til politiet for brot på § 90.

Generalmajor Egge såg ikkje bort frå at Blindheim kunne ha søkt å framprovosere ei rettssak «med hensikt for å skape en situasjon hvor sikkerhetsgradert materiale forlanges fremlagt i retten for å gi full bevistyngde».

«Uboteleg skade»

«Jeg vil ikke insinuere at det står østlige etterretningsagenter direkte bak dette brudd på taushetsløftet. Men en kan ikke utelukke at dette er tilfelle indirekte ved påvirkning gjennom flere ledd ved den såkalte «vlisnie-teknikk» som går ut på at utenlandske påvirkningsagenter opererer i et miljø hvor det er politisk grobunn for å plante ideer og forslag til utspill som ellers ikke ville ha falt noen nordmenn inn.»

Egge meiner det ville føre til uboteleg skade om alle sider ved norsk etterretningsteneste blir drøfta i retten.

Visste «alt»

Av dokumenta går det fram at overvakingspolitiet, det vanlege politiet og påtalemakta i 1977 var fullt ut klar over at spionoperasjonane mot Sovjet via Finland og med innleigde finske agentar, var offentleg kjend i Finland.

Dommar mot finske borgarar som hadde spionert i Sovjet, og som var rekruttert av Noreg, var omtala i finske media så tidleg som i 1954. Norsk politi og påtalemakt sat med denne dokumentasjonen i 1977 før tiltalen mot Blindheim vart teken ut.

— I tillegg var desse operasjonane omtala i dagbøkene og memoarbøkene til både president Pasikivi og president Kekkonen, seier Blindheim i dag.

— Det viktigaste var nok å statuere eksempel, hindre at andre skulle falle for freistinga til å fortelje noko som skulle haldast løynd ikkje av omsynet til norsk tryggleik, men av omsyn til norsk opinion, seier Blindheim.

<b>SVEIN BLINDHEIM: </b>Krigshelten frå Voss som vart historikar og lektor etter at far til Gro Harlem Brundtland pressa han ut av Forsvaret på 1960-talet. Han har fått litt av kvart å tenkje på etter at han fekk innsyn i mappa si hjå overvakingspolitiet. I neste månad fyller han 88. <p/> FOTO: VIDAR YSTAD