• Vestane blir tillagt funksjonar som dei ikkje har. Dette er farleg, meiner vest-ekspert Arvid Påsche hos Thelma AS i Trondheim.

Han er overraska over at Produkt— og Elektrisitetstilsynet går ut og påstår at dei godkjente vestane ikkje er i strid med regelverket. Påsche står bak dei norske testane i EU-prosjektet om redningsvestar for barn. - Både dei prøvene vi har gjort på ei dokke og den store svenske testen viser at eit fåtal av vestane snur tilfredsstillande, seier Påsche. Tidlegare denne veka var både han og dei norske produsentane av redningsvestar i møte med Produkt- og Elektrisitetstilsynet for å drøfte dei lite hyggelege funna. Påsche er samd i at det er eit problem at testane som EU-standarden krev, er vanskelege å utføre i praksis.- I dag er resultatet at vestane fungerer på ein annan måte enn godkjenningspapira tilseier. Dette er farleg, fordi det kan få folk til å droppe andre tiltak for å sikre barna, seier Påsche. Han viser til at det er ei vannleg oppfatning både blant brukarane og forhandlarane av slik utstyr at vestane snur.- Eg er sjølvsagt heilt samd i at ein redningsvest uansett betrar tryggleiken kraftig, fordi han gir oppdrift. Men folk har krav på å få vite kva det er dei kjøper, seier Påsche.

Les også: - Redningsvestar ikkje til å stole på