Avgjerda om å skrinlegge Golf og erstatte det med eit nytt heilintegrert felles forvaltningssystem, er i strid med tilrådinga frå forsvarssjef Sverre Diesen. Han hadde rådd til å køyre vidare med ei delt løysing.

— Stor usemje

Forsvarssjefen seier han tek avgjerda til etterretning og reknar med at alle ledd vil fylgje opp vedtaket.

Også dataavdelinga i departementet og ein ekstern konsulent hadde rådd frå den avgjerda som statsråden nå har teke.

— Det er stor usemje internt og eksternt om kva som er rett løysing. Dette er ikkje overraskande. Det avheng av kva ein legg vekt på, forklarar Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Strøm-Erichsen, som har datafagleg bakgrunn, seier ho er trygg på at avgjerda ho nå har teke, er rett.

Det mangla ikkje på åtvaringar, både internt og eksternt før prosjekt Golf vart sett i verk. Problema har fylgt prosjektet heile vegen, og Riksrevisjonen har hatt mange kritiske merknader undervegs.

Prisen

Program Golf har kosta Forsvaret 1,6 milliardar kroner. I går fastslo forsvarsministeren at arbeidet med Golf har drege ut i tid, og at det har betydd at prosjektet blir dyrare enn føresetnaden var.

Forsvarsdepartementet meiner likevel å kunne slå fast at det er blitt betre økonomistyring som fylgje av Golf og at dei årlege innsparingane ligg på om lag 100 millionar kroner.

Statsråden kan nå ikkje seie noko om kva sluttrekninga vil bli og når ein kan setje punktum for gjennomføringa av prosjektet: nytt integrert datasystem for Forsvaret.

Forsvarsministeren vil snarast råd orientere Stortinget om utviklinga og framdrift i saka.

«Helsesjekk»

Statsråden varslar ein grundig «helsesjekk» og evaluering av program Golf.

Det skal skje parallelt med arbeidet i granskingsutvalet som undersøker konsulentbruken i Forsvaret. Utvalet skal vere ferdig med arbeidet innan midten av juni.

Strøm-Erichsen avviser ikkje at avgjerda om å skrinlegge Golf og i staden erstatte det med eitt nytt felles system, med fordel kunne vore teken tidlegare.

Det nye datasystemet skal nytte det tyske systemet SAP. Det er i bruk i 18 vestlege land, i hovudsak Nato-land.

STATSRÅDEN STYRER: Forsvarssjef Sverre Diesen (i midten) og medarbeidarane hans, må avfinne seg med å bli overstyrt av forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).
HÅVARD BJELLAND