Dette skjedde hausten 2004 og har vore hemmeleghalde fram til i dag.

Bergens Tidende har nå fått kjennskap til at UDI gjennomførde ei grundig juridisk vurdering av asylsøknaden Vanunu fremja hausten 2004. Konklusjonen var at Vanunu oppfylte alle aktuelle vilkår for å få innvilga asyl.

Hemmelegheld dokumenta

Innhaldet i denne vurderinga vart formidla til Kommunal— og regionaldepartementet og statsråd Erna Solberg (H).

Ho aksepterte ikkje konklusjonen og nytta retten sin til å instruere UDI om å fatte eit negativt vedtak.

Dokumenta i saka, både vurderinga frå UDI og instruksen frå Erna Solberg, er graderte etter verneinstruksen. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har nekta BT innsyn etter at ein først har vurdert ei avgradering av dokumenta.

Det formelle avslaget på asylsøknaden vart banka gjennom eit vedtak i UDI 16. november 2004.

**Les også:

Erna Solberg stadfester overprøving av UDI**

Utfallet i saka vart først kjent gjennom ei pressemelding frå Kommunal— og regionaldepartementet datert 15. april 2005, fem månadar etter at avgjerda var fatta.

«Utanrikspolitiske omsyn»

I pressemeldinga vart det opplyst at avgjerda var fatta av UDI etter instruks frå Kommunal- og regionaldepartementet. Her vart det også opplyst at statsråden kunne instruere UDI om einskildsaker som inneheld utanrikspolitiske omsyn.

Så heiter det vidare i meldinga:

«Saken innbefatter slike hensyn, men ved avgjørelsen av søknaden har ikke hensynet til vårt forhold til Israel vært av avgjørende betydning.»

Dette er ei kryptisk formulering som rett ut seier at utanrikspolititiske omsyn gjer seg gjeldande i denne saka, utan at ein seier kva for utanrikspolitiske omsyn ein siktar til.

Formuleringane i pressemeldinga står i direkte motstrid med formuleringar Solberg nytta i eit svar til Advokatforeningen i juni 2005.

- Merkeleg motstrid

Her heiter det mellom anna:

«I forbindelse med den konkrete saken som gjelder Mordechai Vanunu vil jeg imidlertid understreke som det framgår av pressemeldingen at utenrikspolitiske hensyn ikke har vært avgjørende.»

— Dette er merkeleg. Det ser ut til å vere ein klar motstrid her. Det er uklart kva utanrikspolitiske omsyn ein då har lagt vekt på, seier Arild Humlen. Det var han som i eigenskap av leiar i Oslo krets av Advokatforeningen, brevveksla med statsråd Solberg i 2005 om Vanunu-saka.

Fredrik Heffermehl, som i fleire år har leia den internasjonale støtte-komiteen for Vanunu, meiner det må vere forholdet til USA som har vore avgjerande.

I pressemeldinga kunngjorde statsråd Solberg at det er fast praksis for at det ikkje blir innvilga asyl for personar som oppheld seg i heimlandet når dei søker. Det blir også slege fast at det er ein føresetnad i FN sin flyktningekonvensjon at søkaren ikkje oppheld seg i heimlandet for å bli anerkjent som flyktning.

- Ikkje haldbart

Solberg seier så at det difor ikkje har vore grunnlag for å innvilge søknaden frå Vanunu, sidan Vanunu oppheld seg i heimlandet.

I brevet til Advokatforeningen uttalar Solberg at det avgjerande i saka var «at vi ikke anså det som et særskilt norsk anliggende å skaffe Vanunu et annet land å bo i enn Israel».

— Vi reagerte då vi såg grunngjevinga på avslaget på søknaden frå Vanunu i pressemedlinga frå departementet. Det var ikkje ei haldbar grunngjeving. Den var ikkje i samsvar med norsk rett. Når ein også tok i bruk instruksjon tenkte vi at det skjedde avdi ein var redd for kva resultatet ville bli om UDI behandla saka på fritt grunnlag, seier Humlen. Han er i dag leiar for Advokatforeningen sitt utval for Asyl- og utleningsrett.

**Les også:

Erna Solberg stadfester overprøving av UDI**

**Les også:

Ambassadør punkterer Erna Solbergs argumentasjon**

**Les også:

— Grensesprengande dobbeltmoral**

- Ikkje til hinder

Lagdommar og nå postdoktor, Terje Einarsen, ved Universitetet i Bergen, som er spesialist på flyktninge- og asylrett, reagerer sterkt mot at Solberg og departementet nyttar Flyktningekonvensjonen som argument for å nekte asyl.

— Innhaldet i Flyktningekonvensjonen er ikkje til hinder for at eit land kan innvilge asyl for ein asylsøkar. Det er ein lang tradisjon for at statar gjennom utanriksstasjonar kan innvilge asyl til søkarar frå heimlandet, seier Einarsen. Han har i fleire år vore lagdommar i Gulating.

Han viser også til at ein har ein dom frå den internasjonale domstolen i Haag frå 1950 som omhandlar dette temaet.

**Les også:

— Grensesprengande dobbeltmoral**

Colombia hadde reist sak mot eit granneland i Sør-Amerika med påstand om at det var ei uvenleg handling og i strid med folkeretten, at grannelandet hadde innvilga asyl for ein colombiansk statsborgar medan han oppheldt seg i heimlandet.

Colombia tapte saka

— Opplysningane nå viser også at UDI faktisk har behandla søknaden frå Vanunu sjølv om han oppheldt seg i heimlandet.

Einarsen slår fast at hovudprinsippet i den norske lova er at asylsøkaren skal vere på norsk jord når UDI skal behandle ein asylsøknad.

— Det må vere spesielle grunnar for at ein skal behandle ein søknad frå ein person som oppheld seg i heimlandet.

— Norske leveransar av tungtvatn som sette Israel i stand til å lage atomvåpen, er sjølve grunnlaget for Vanunu-saka. Det er utan tvil eit sterkt moment som talar for at Noreg burde kunne behandle ein asylsøknad sjølv om asylsøkaren er i heimlandet, seier Einarsen.

— Han er dessutan underlagd utreiseforbod frå Israel. Han er dermed forhindra frå å kunne gjere bruk av ein grunnleggande menneskerett som retten til å kunne bevege seg og forlate heimlandet. Dette burde også vere eit sterkt moment for å behandle ein asylsøknad, seier Einarsen.

NEI TIL ASYL: Mordechai Vanunu oppfylte alle aktuelle vilkår for å få innvilga asyl, men dåverande statsråd Erna Solberg aksepterte ikkje konklusjonen og nytta retten sin til å instruere UDI om å fatte eit negativt vedtak.
Holm, Morten
AVSLØRTE ISRAEL: Hausten 1986 avslørte Mordechai Vanunu Israel sitt atomvåpenprogram. Han vart kidnappa i Roma av den israelske etterretningsorganisasjonen Mossad, og vart i ei hemmeleg rettssak dømt til 18 års fengsel.