Mai Helene Berge 29 år Stord

Frykta for følgjene av EU-utvidinga var overdriven, meiner Mai Helen Berge.

Rørleggjaren og industrisnikkar hos Leirvik Mobile Technology (MT) sit i representantskapet i Fellesforbundet og er vara for Arbeidarpartiet til kommunestyret i Stord.

Fagrørsla brukte mykje tid på å vurdere konsekvensen EU-utvidinga i fjor vår ville ha i arbeidsmarknaden. Kor mange vil kome på jakt etter jobbar når grensa fall?

— Eg veit ikkje om det blei så mange som vi frykta det skulle bli, seier Berge.

Skrekkbiletet var austeuropearar som kom til Noreg og tok jobbane til mykje lågare løner enn nordmenn, for å dra attende og leve som kongar i heimlandet.

For fagrørsla handlar det først og fremst om å hindre at dei nye EU-borgarane ikkje kjem hit og undergrev det norske lønsnivået.

— Vi skal ta i mot dei og vise at dei er velkomne, men det er viktig at dei skal ha ein lønn som oss, seier Berge.

Nett no er det lite å gjere hos Leirvik MT. Berge er permittert, men reknar oppdraga vil ta seg opp etter sommarferien.

Industrien har endra seg sidan ho byrja å arbeide i -97.

Alt er meir usikkert, og bedriftene er blitt varsame med å ta inn lærlingar.

Det er utflagginga, ikkje arbeidsinnvandringa ho fryktar mest

— Då såg framtida vår veldig lys ut. No flaggar jo bedriftene ut. Viss vi skal lage stålmodular så hentar vi dei frå utlandet. Viss vi hadde laga stålet sjølv så hadde vi hatt meir arbeid, seier ho.

Leigearbeidarar frå Sverige og Finland er dei som først og fremst får merke konkurransen frå dei nye EU-borgarane i hennar del av industrien, trur Berge. Innleigde folk har alltid vore der, men no kjem dei frå nye land.

Som tillitsvald har Berge blanda kjensler for å lovfeste norske løns- og arbeidsvilkår, slik fagrørsla har lukkast med for byggebransjen rundt Oslofjorden, og ved Mongstad og seks andre olje- og gassanlegg langs kysten.

— Fordelen er at det ikkje skal vere mogleg at dei får alt for lav lønn. Ulempa er at det blir fritt fram for alle å nyte godt av det fagrørsla har forhandla fram, seier Berge.