På Norsk Målungdoms landsmøte i helga gjekk Synnøve Midtbø Myking frå Lindås i Hordaland av og Jens Kihl overtok leiarplassen.

– Nynorsk passar like godt for alle i Noreg, meiner den nyvalde leiaren.

Ida Ulrikke Lind Sægrov (19), frå Stavanger, tek over som nestleiar og Maria Svendsen (18) frå Oslo vert ny dagleg leiar.

Av dei viktigaste sakene for målungdommen framover er sikring av nynorskbøker til skulestart, forsvar av sidemålsundervisninga, kamp for nynorsk på kino og satsing på nynorskopplæring for innvandrarar.