Kraftig satsing på jernbane er blant tiltaka i utspelet som Høgre, KrF og Venstre har forhandla seg fram til i klimapolitikken. Dokumentet er desse partia sitt felles utgangspunkt i forhandlingar med regjeringspartia om eit mogeleg klimaforlik.

— Utspelet sikrar at alt går til Oslo om omland, påpeikar samferdslestatistikar Idar Mo på Slinde i Sogndal.

Dei tre partia forlanger intercity-triangelet bygt først, i perioden 2010-2020. I løpet av 2008 skal lyntog til andre delar av landet utgreiast.

— For 200 milliardar kroner skal InterCity-triangelet sikra arbeidsreisande frå Lillehammer, Halden og Telemark mindre enn ein times togtur til Oslo. Desse jernbanelinene skal gå heilt parallelt med firefelts motorvegar som står klare i perioden 2009-15, med rikeleg kapasitet til å ta all trafikken på strekningane, seier Mo.

Han påpeikar at lyntoget ikkje skal ta gods, og får neppe meir enn to prosent av personreisene. Brukarane betalar ein tidel av dei reelle kostnadene, og staten blir sitjande att med 90 prosent.

Utviding av lyntognettet til Gøteborg, Stavanger, Bergen og Trondheim til 800 milliardar kroner fell heller ikkje i smak hos Mo.

— Det årlege underskotet på jernbane vil auka frå sju til sytti milliardar kroner, medrekna kapitalkostnader. Det er fleire gonger dagens samla samferdslebudsjett, påpeikar han.

Miljømessig er lyntog med sterke motorar lite gunstig i eit globalt energirekneskap.

— Når politikarane likevel går inn for tog, er det fordi utsleppa ikkje kjem på norske energirekneskap. Det gjer derimot vegbygging, sidan utsleppa skjer i Noreg, seier Mo og ironiserer over omgrepet «miljøverstingane i Ap og Frp».